NRK Meny
Normal

Jølstringane tok storkommunen eit steg nærare

Politikarane i Jølster sa i dag ja til å slå seg saman med Førde, Naustdal og Gaular. – Ikkje uventa, men like fullt svært gledeleg, seier ordførar i Førde, Olve Grotle (H).

Kommunestyre i Jølster

SA JA: Politikarane i Jølster følgde rådet frå innbyggjarane og sa med 20 mot fem røyster ja til å bli del av ein storkommune i Sunnfjord.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Med vedtaket i Jølster har to av fire velsigna planane om ein storkommune i Indre Sunnfjord.

Av 25 kommunestyremedlemer røysta 20 for samanslåing. Fem røysta mot. Vedtaket er i tråd med folkerøystinga i april.

– Det er kanskje det største vedtaket som er gjort gjennom Jølster sine 180 år. Stemninga var nok prega av at vi gjorde første vedtak i ein prosess for å leggje ned eksisterande kommune og gå inn i ein ny kommune, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Såg rundt seg

Oddmund Klakegg

VEDTAK: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) seier stemninga i kommunestyresalen bar preg av at det truleg var eit stort vedtak som vart fatta.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Saka vart debattert, men får ikkje eine og åleine skulda for at kommunestyremøtet trekte ut i ti timar.

Fleire retta den politiske skyssen mot regjeringa. Elles i landet har innbyggjarane vore negative til kommunesamanslåing og i kommunestyresalen på Skei vart kommunereforma skildra som eit mageplask.

– Mange tok opp spørsmål knytt til reforma generelt og kva som skjer rundt oss i landet. I svært, svært, svært mange kommunar, spesielt dei som ikkje blir kommunesenter, seier dei nei.

Trur på kommune

Kommunane ventar spent på det nye inntektssystemet. I tillegg er det uvisst kva grad regjeringa vil bruke tvang for å komme nærast mogleg målet, som i utgangspunktet var kring 100 kommunar.

– Det vart reversert noko, og no kjem ein knapt under 400 kommunar, seier Klakegg.

Olve Grotle på solidaritetsmarkering for flyktningar

NØGD: Ordførar Olve Grotle (H) trur storkommunen i Sunnfjord er eitt steg nærare realisering.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I Førde er Olve Grotle (H) styrkt i trua på at Indre Sunnfjord blir ein kommune.

– Med dei signal som kjem frå Naustdal og Gaular, så må det skje noko ekstraordinært om det likevel blir eit nei i desse kommunane, seier han.

Svar i månadsskiftet

Naustdal fattar endeleg vedtak 30. juni, medan Gaular handsamar saka to dagar før. Fristen er 1. juli. I begge kommunar røysta innbyggjarane for samanslåing. Dette vart i Naustdal stadfesta gjennom ei innbyggjarundersøking.

Grotle vil ikkje spekulere i eventuelle skjær i sjøen.

– Vi må la desse dagane gå, før vedtaka i Naustdal og Gaular kjem på plass. Så veit vi heilt sikkert når vi nærmar oss månadsskiftet, seier han og vedgår at han ser fram til ei endeleg avklaring.

– Vi har arbeidd med dette i lang tid, og eg håpar og trur at det endar med ja i alle fire kommunar. Det trur eg hadde vore bra for alle i Indre Sunnfjord, seier han.

– Eit godt fundament

Klakegg trur heller ikkje på noko nei hos politikarane i dei to siste kommunane. Ein eventuell søknad om å bli ein storkommune skal først til fylkesmannen før det hamnar på kommunalministeren sitt bord i Oslo.

Ordførar Klakegg trur Sunnfjord har eit godt fundament å byggje på. Ein ny kommune må vere på plass i 2020.

– Det er god romslegheit blant alle fire kommunane. Det er rausheit, godt samarbeidsklima og eit godt fundament for å gå vidare i prosessen, seier han.