NRK Meny
Normal

NAUSTDAL: Fleirtalet er for samanslåing

Politikarane i Naustdal fekk ikkje det tydelegaste rådet frå innbyggjarane. Ordførararen registrer at innbyggjarane nesten tredelte seg over alternativa, og presiserer at dei får ein ny sjanse i juni.

Leivar Helgaas røystar i Naustdal

VEL HALVPARTEN BRUKTE STEMMA SI: Leivar Helgaas var ein av dei 1065 personane som nytta røysteretten sin i Naustdal.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Vel ein tredjedel stemte mot kommunesamanslåing, medan det samla er 63 prosent som er for samanslåing i ei eller anna form.

– Vi hadde låg oppslutnad, er det første Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap) konstaterer når resultatet ligg klart måndag kveld.

Ifølgje kommunen sine tal var valdeltakinga på 47,3 prosent. Myrvang vil ikkje skulde oppslutnaden på innbyggjarane, men meiner kommunereforma blir gjennomført for raskt til at innbyggjarane engasjerer seg.

Av oppteljinga av røystene går det fram at 29 prosent har stemt for alternativet SIS, med ei samanslåing av Flora, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. 34 prosent har stemt for alternativet Liten SIS, med kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Alternativet med at Naustdal held fram som eigen kommune har fått prosentvis flest stemmer, med 36 prosent.

Laster innhold, vennligst vent..

Gir folket ein ny sjanse i juni

Myrvang seier dette om det delte resultatet:

– Eg ser på dette som tre sjølvstendige alternativ. Det er for tidleg å ta noko konklusjon.

Han seier han sjølv er imot kommunesamanslåing, men at det er viktig for han å høyre på innbyggjarane. Kommunestyret i Naustdal har allereie bestemt at innbyggjarane skal få ein ny sjanse i juni.

– Vi skal ha ei innbyggjarhøyring i juni, når vi har litt meir informasjon om det vi veit lite om i dag.

NRK sin kommentator Per Arne Tveit kommenterer folkerøystinga slik:

– Dette er eit vanskeleg råd. Det alternativet som har fått flest røyster er nei, men så er det eit stort markert fleirtal for kommunesamanslåing, fordelt på to alternativ.

Tveit seier dette er det mange frykta, at folket delte seg om alternativa Liten SIS og Stor SIS. Med eit slikt resultat ligg det til rette for djupe diskusjonar også i Naustdal, og politikarane har gjerne ikkje fått det tydelege svaret dei hadde håpa på.

Sjekk resultata frå alle folkerøystingane og innbyggjarundersøkinga i dei andre kommunane her.

Laster kart, vennligst vent...
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser