Hopp til innhold

Jamt i Gaular om kommunesamanslåing

Folkerøystinga i Gaular vart jamnare enn ordførar Mathias Råheim (H) hadde håpa på.

Vallokale på Sande i Gaular

JA: Over halvparten av dei røysteføre i Gaular ynskjer å slå seg saman med nabokommunane til ein større kommune.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Av 1249 røyster, røysta 649 på samanslåing. 600 røysta nei.

– Det gir kring 52 mot 48 prosent. Eg hadde inga formeining kva retning dette ville gå, men eg hadde håpa på klarare svar, seier ordførar Mathias Råheim (H).

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er jamt resultat, korleis blir det for politikarane å halde seg til dette?

Mathias Råheim

JAMT: Mathias Råheim (H) frykta eit jamt resultat. Det var også det han fekk frå innbyggjarane.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Vi har fått eit råd frå innbyggjarane, så må vi forhalde oss til korleis resultata blir i dei kringliggande kommunane, seier han og er klar på at 49 røyster overvekt er eit utfordrande utgangspunkt når politikarane handsamar saka 28 april. Saka blir endeleg vedteken 28. juni.

Råheim håpa å runde 60 prosent oppslutnad. Den enda på 53,7 prosent.

– Det var ei 50/50-deling eg frykta mest, seier han.

Ordføraren opplever debatten som sakleg og god i kommunen. Han føler ikkje at det er store motsetnader i kommunen.

– For ei veke sidan kjende eg meg trygg på eit stort fleirtal for, men det har skjedd noko dei siste dagane utan at eg kan peike på kva, seier han.

Sjekk resultata frå alle folkerøystingane og innbyggjarundersøkinga i dei andre kommunane her.

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)