NRK Meny
Normal

No innser han at det blir kommunesamanslåing

Restultatet av innbyggjarundersøkinga i Naustdal er krystallklart. 62,6 prosent av dei spurde sa ja til kommunesamanslåing.

Håkon Myrvang

– RESPEKTERER SVARET: Ordførar Håkon Myrvang (Ap) seier at dei har fått rydeleg svar frå innbyggjarane i Naustdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

30,6 prosent sa nei, medan 6,8 kryssa av på veit ikkje.

– Veldig tydeleg svar

Ordførar Håkon Myrvang (Ap) har vore motstandar av samanslåing. Men no innser han at det går mot samanslåing med Førde, Jølster og Gaular.

– Vi har fått eit veldig tydeleg svar frå innbyggjarane våre. Dei vil slå seg saman med Gaular, Jølster og Førde. Eg er sjølvsagt skuffa, men eg respekterer svaret vi har fått. Jobben framover blir å få til ein så god overgang til storkommune som mogeleg.

Då det var folkerøysting i Naustdal fekk folk tre svaralternativ. Det eine var ja til samanslåing med Førde, Jølster, Gaular og Flora, det andre ja til samanslåing med Førde, Gaular og Jølster, det tredje nei til kommunesamanslåing.

Dei to ja-alternativa fekk til saman 64 prosent. Men Håkon Myrvang og andre i Naustdal kommunestyre tolka ikkje det som at så mange var for samanslåing med Førde, Jølster og Gaular.

No syner innbyggjarundersøkinga at dei som slo saman dei to ja-alternativa hadde tilnærma rett.

– Ikkje overraska

Kollegaen til Myrvang i Førde, Olve Grotle (H), er svært glad for resultatet.

– Eg registrerer at det har vore eit veldig stabilt og klart fleirtal i Naustdal for ein stor kommune i indre Sunnfjord over ganske lang tid. Så eg er ikkje overraska over den siste meiningsmålinga, men eg er sjølvsagt glad for resultatet.

Grotle er også glad for at Håkon Myrvang no seier at han vil jobbe for ein god overgang til storkommune.

– Det synest eg er positivt, det er bra, og så er eg sikker på at vi no skal sette alle klutar til for at dette skal bli ein suksess for heile den nye kommunen indre Sunnfjord.

Han tek atterhald om at alle komunestyra seier ja til kommunesamanslåinga.

– Men eg trur eg må få seie at vi aldri har vore så nær som no.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå