Hopp til innhold

Etter ti år i arbeid i Norge reiser polske Greg heim

STRYN (NRK): Arbeidsinnvandringa til Norge har bremsa opp, og i 2016 reiste rekordmange polske arbeidarar heim. Mange fleire vil gjere det same, til NAV og NHO si store bekymring.

Greg Kucab

VIL REISE HEIM: Dei siste ti åra har polske Greg Kucab arbeidd i Stryn. No vil han reise heim att til Polen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg tenkjer å flytte tilbake til Polen. Eg har lyst på endring i livet mitt, seier Greg Kucab.

På Nomek i Stryn er lyden av stål, robotar og maskiner øyredøyvande. Her har Greg arbeidd i nesten ti år, men no vil han heim.

Det stemmer overeins med Statistisk sentralbyrå (SSB) si forventning, om at stadig færre vil kome til Norge for å arbeide dei komande åra. Det betyr lågare folketalsvekst og mindre tilgang på nødvendig arbeidskraft.

Med seg på flyttelasset tek Greg med seg kone og to barn, og kommunen mister fire innbyggjarar.

– Den norske krona er veldig svak, så det kan vere ein grunn, seier Kucab om kvifor så mange reiser heim att.

Har lettare for å få jobb i heimlandet

– Det har vore veldig høg arbeidsinnvandring til Norge. 2011 var toppåret, sidan har det gått litt ned, seier seniorrådgjevar Marianne Tønnessen i SSB.

Vi må tilbake til 2006 for å finne lågare netto innvandring til Norge enn vi hadde i fjor. Fasiten for 2017 er ikkje klar, men Tønnessen trur trenden held fram.

– Vi trur arbeidsinnvandringa, særleg frå Aust-Europa, vil fortsette nedover. Vi ventar at situasjonen i Norge ikkje blir så økonomisk god som for nokre år sidan, samt at vi ventar at den økonomiske situasjonen i Aust-Europa vil ta seg vidare opp.

Det er både lettare å få seg jobb og tene meir i heimlandet enn det har vore tidlegare, påpeikar Tønnessen.

– Ei utømmeleg kjelde som tørkar ut

NAV er uroa for stor mangel på arbeidskraft i åra som kjem, og færre arbeidsinnvandrarar forsterkar utviklinga.

– Heile kongeriket er veldig bekymra for at arbeidsinnvandringa som landet har nytt godt av, er ei utømmeleg kjelde som no gradvis vil tørke ut, seier Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane.

– Det vil føre til at den vesle befolkningsauken som mange distriktsfylke heldigvis har hatt dei siste åra, vil stoppe opp og til dels snu.

NHO: – Dette må vi ta på alvor

Jon-Rune Heimlid

VIKTIGE: Jon-Rune Heimlid legg ikkje skjul på at det hadde vore vanskeleg å få tak i nok kompetent arbeidskraft utan arbeidsinnvandrarar. No må han erstatte ein av sine mest erfarne medarbeidarar.

Foto: Silje Guddal / NRK

På Nomek er 13 av 55 faste tilsette frå utlandet.

– Dei har vore viktige for omsetningsveksten, seier dagleg leiar Jon-Rune Heimlid.

Tilgangen på arbeidskraft uroar NHO.

– Ein kan risikere å måtte redusere produksjonen, utsetje oppstart av verksemder, eller i verste fall flytte verksemder. Det er veldig viktig av bedriftene tek desse problemstillingane på alvor, seier regiondirektør for NHO Vestlandet, Tom Knudsen.

Bogdan Kucab

BLIR VERANDE: Bogdan Kucab, bror til Greg, vil bli verande i Sogn og Fjordane ei god stund til.

Foto: Silje Guddal / NRK

Framleis er det fleire polakkar som kjem til Norge, enn som flyttar ut, ifølgje SSB. I 2016 var det 6200 innvandrarar i arbeid i Sogn og Fjordane. Ein av dei var Bogdan Kucab, bror til Greg.

Når broren reiser heim, blir Bogdan verande.

– Eg trur eg skal vere her, ganske lenge, seier han.