Hopp til innhold

Kven skal ta over etter Elin, Magnar og Astrid?

GLOPPEN/STRYN (NRK): Mindre innvandring og lav folketalsvekst vil gje mangel på arbeidskraft i mange distriktskommunar om få år. Kven skal ta jobbane når etterkrigskulla tek sine siste vakter?

Elin Torvik Grov (t.v.), Magnar Holme og Astrid Husetuft

LANGE ARBEIDSLIV: Lærar Elin Torvik Grov, bussjåfør Magnar Holme og hjelpepleiar Astrid Husetuft har til saman vore over 110 år i arbeidslivet. No vert deira, og mange liknande, stillingar snart ledige.

Foto: Silje Guddal / NRK

På busstasjonen midt i Sandane sentrum bles Magnar Holme hardt i alkolåsen. Bussjåføren har vore i arbeid sidan han var 16 år. No må snart nokon andre ta rattet.

– Eg håpar eg held ut til eg er 67 år gammal. Det er halvanna år til, seier Holme.

– Kva med å jobbe lenger?

– Eg kunne kanskje jobba 50 prosent eit år eller to, det får vi ta når den tid kjem.

Holme høyrer til ei av yrkesgruppene som bedrifter over heile landet vil slite med å få tak i. Dei store etterkrigskulla nærmar seg pensjonslivet. Nye prognosar gjer NAV uroa for stor mangel på arbeidskraft i åra framover.

– Vi er redd dei dyktige bedriftene våre får trøbbel med å bli større og utvikle seg, og vi er redd offentleg sektor får store vanskar med å rekruttere innan fem år, seier Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane.

Kniving om arbeidskrafta

Innan 2021 vil 1190 arbeidstakarar innan helse og omsorg i Sogn og Fjordane nå gjennomsnittleg pensjonsalder. Gloppen kommune må åleine tilsetje 105 nye årsverk innan 2023. Mellom anna blir jobben til Astrid Husetuft ledig.

– Eg var ferdig på hjelpepleiarskulen i Lærdal i 1979. Eg har jobba på sentralsjukehuset, på ein sjukeheim på Møre og no i Gloppen i vel 20 år, seier Husetuft.

Hjelpepleiaren startar pensjonistlivet til nyttår. Kommunen må bu seg på kniving om arbeidskrafta.

– Velferdsteknologi kan, og vil heilt sikkert bidra, men vi er likevel redd for at kommunar ikkje vil levere den kvaliteten vi brukarar forventar, seier Henden.

På ordførarkontoret i Stryn studerer Sven Flo (H) og prognosane til NAV.

– Tala viser ein veldig utfordrande situasjon.

Eit reknestykke som ikkje går opp

Det er kombinasjonen av store etterkrigskull som sluttar i arbeid, lav folketalsvekst og ei innvandring som har bremsa opp, som fører til manko på arbeidstakarar.

– Vi må vere framoverlente og attraktive, elles kjem vi i ein ubalanse om nokre år, vedgår Flo.

Nordfjord og HAFS vil bli hardt råka og mangle nær 1000 arbeidstakarar i 2028. Medan Sunnfjord er vinnaren, grunna ung befolkning og tilflytting.

NAV meiner det er fleire grep ein kan og bør gjere framover.

– Det er veldig viktig at kommunane har kontakt med dei som er under utdanning. Bedrifter må framsnakke seg sjølve, vi som foreldre må fortelje ungdomen kva som finst i fylket, og lærlingordninga blir viktigare og viktigare framover, seier Henden.

På Sandane skule har tredjeklassingane ein lærar med 36 års erfaring. Om helsa held jobbar Elin Torvik Grov nokre år til.

– Det er veldig gjevande å vere lærar. Å få følgje elevane desse første åra på skulen, er heilt unikt.