– Vi står fjellstøtt på det vi har sagt før og underbyggjer det vi har sagt med at frå eit næringssynspunkt er det indre alternativet det beste, seier ordførar i Stryn, Sven Flo.
Indre Nordfjord er svært attraktiv og gode på næring, sett i lys av dette bør storsamfunnet velje brua indre som alternativ for kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord. Det meiner ordførarane i Stryn, Hornindal og Stranda.
I løpet av våren skal regjeringa bestemme seg for kva alternativ dei skal gå for.
Førre veke aksjonerte representantar frå 22 verksemder i Eid og Gloppen på Lote ferjekai med krav om at E39 skal gå for bi deira verksemder og ikkje indre trase via Stryn.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Får mest att med indre
Sven Flo, meiner storsamfunnet får mest att for investeringa ved å velje det indre alternativet.
Blant argumenta deira ligg blant anna at Stryn kommune vart i januar i år omtalt som beste kommunen totalt sett i denne regionen i NHO sitt Nærings-NM for 2012 i Dagens Næringsliv.
Han fortel at dei i tillegg har fått eit anerkjend forskingsmiljø til å sjå på dette.
– Ei oversikt vi har viser dette som går på næringsattraktivitet, og her har vi teke med fleire parameterar enn det blant anna Nordfjordkryssing AS har gjort i sin argumentasjon. Det syns vi er viktig for å få heilskapen i dette. Her ligg både Stranda, Hornindal og Stryn veldig godt an i forhold til blant anna Gloppen og Eid kommune, seier han.
I ei pressemelding skriv ordførarane i indre at halve E39 indre snart er ferdig utbygd, og at det då må vere heilt naturleg å peike kor viktig det er for næringslivsstrukturen i regionen at indre linje vert fullført med bru i indre til Byrkjelo/Skei.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Står fast på midtre alternativ
– Stryn er ein veldig god næringslivskommune og eg har ingen grunn til å trekke Stryn ned som næringslivskommune. Det seier Alfred Bjørlo som er ordførar i Eid.
Ikkje er han overraskande er han rykande ueinig med kollegaene i Stryn om kva som er det beste alternativet for E39 gjennom Nordfjord. Bjørlo held fast på at hans alternativ med bru over Anda Lote vil vere beste.
– Ja, det er jo heva over tvil. og det er dokumentert både i Statens vegvesen sine rapportar og i tilleggsrapportar som er kome om bu- og marknadsregionane, seier han.
I løpet av våren har regjeringa lova kome med si avgjerd.
– Eg er veldig spent på det. Eg er veldig optimistisk på vegner av det indre alternativet, så eg gler meg til at vi no snart får svar på dette, seier ordførar i Styn, Sven Flo.
- LES OGSÅ: