Regjeringa valde Hafast - til jubel og skuffelse

På eit møte måndag kveld kunne Frp sin parlamentariske leiar, Harald Tom Nesvik, fortelje at Fefast blir skrinlagt. Hafast er valt som trasé for ferjefri E39 på Sunnmøre. – Regjeringa sitt val står no fast, sa Nesvik.

Nesvik og Orten

avHarald Tom Nesvik (Frp) og Helge Orten (H) presenterte kva regjeringa hadde gått inn for av traséval knytt til ferjefri E39 i Møre og Romsdal. Mest spenning var knytt til Hafast eller Fefast.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det har vore knytt svært stor spenning til kva regjeringa ville velje som endeleg E39-løysing i Møre og Romsdal. Måndag kveld blei det klart at ferjefri E39 skal gå frå Hareid til Sula, frå Nerås til Otrøya og over til Molde, samt med bru over Halsafjorden.

Mest spenning var det knytt til valet mellom Hafast og Fefast – brukryssinga over Storfjorden.

Mange omsyn å ta

– Det er ikkje til å leggje skjul på at det har vore mykje debatt om kva trasé ein skal velje, opna Harald Tom Nesvik, parlamentarisk leiar i Framstegspartiet, framfor eit spent publikum av næringslivsleiarar, politikarar, gruppeleiarar og presse.

Mange har rekna på mangt dei siste åra. Både totalpris for prosjektet, samfunnsøkonomisk nytte, reisetid og mykje meir har blitt sett på – og argumentert med.

Det er kryssinga mellom Indre Sunnmøre og Søre Sunnmøre som har vore saka. Kryssinga går over Storfjorden, og valet har stått mellom Hareid Fastlandssamband (Hafast) og Festøy-Solavågen (Fefast). Begge med bruløysingar.

– Uansett løysing er det framleis ein veg å gå, og det vil ta tid før alt er på plass. Men denne regjeringa skal sørge for å fatte avgjersler, ikkje berre diskutere. Og vi har gjort eit val ut frå ei rekkje ulike kriterium, sa Nesvik.

– Valet denne regjeringa har falle ned på er Hafast, slo Frp-politikaren vidare fast – til jubel frå ein større del av publikum.

Vidare gjorde Nesvik det klart at dei ikkje hadde avgjort noko for Nordfjord-traséen i Sogn og Fjordane.

Saka held fram under bildet.

Fefast

Paul Kristian Hovden (t.v.), styreleiar for Fefast, var skuffa og overraska etter regjeringa si trasé-avgjersle.

Foto: Remi Sagen / NRK

Skuffa og overraska

Meldinga og avgjersla var nedslåande for Fefast-styreleiar Paul Kristian Hovden.

– Dette hadde eg ikkje venta. Eg er skuffa og overraska. Eg er skuffa fordi argumenta ikkje held mål og er overraska fordi ein vel å bruke langt meir pengar enn tidlegare gjeve signal om, seier Hovden til NRK.

Anders Riise, ordførar i Hareid

Hareid-ordførar Anders Riise gler seg til Søre Sunnmøre blir knytt saman med Indre Sunnmøre.

Foto: Arne Flatin / NRK

Prislappen på Hafast er anslått til 20 milliardar kroner, medan Fefast er anslått til å koste 11,5 milliardar kroner. Samstundes var Hovden skuffa over regjeringa si vekting av Statens vegvesen sine anbefalingar.

Frå den andre parten er ordførar i Hareid kommune, Anders Riise, over seg av glede etter regjeringa si avgjersle.

– Hafast er den viktigaste saka ein har arbeidd med dei siste 40 åra i Hareid kommune. No ser ein endeleg ut til å lukkast med å knyte Hareid og resten av Søre Sunnmøre opp mot Ålesund-regionen, seier Riise.

Han peiker på viktigskapen av det lokale og regionale næringslivet i området. Den enorme maritime klyngja på Ytre Søre Sunnmøre er eitt av dei store samfunnsøkonomiske omsyna.

– Det er viktig for å gjere området attraktivt for etablering av nytt næringsliv og for å skape bulyst og endå meir vekst i regionen vår, meiner Hareid-ordføraren.

– No må vi stå samla

Parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik, sa vidare at dei no ville arbeide for at prosjektet raskt kan kome i gang. Hareid kommune og Sula kommune vil få tid på seg til ulike reguleringar, slik at prosjektet kan bli gryteklart, fortalde den rutinerte politikaren frå Ålesund.

– For regjeringa var det no viktig å få tatt ei avgjersle – som lova. Mange har jobba med saka, og no er trasé endeleg valt. Det er ugjendriveleg og valet står fast.

Møtet og framlegginga skulle eigentleg finne stad tysdag, men blei framskunda på grunn av påska.

– Vi ville presenterte ting no slik at folk kunne få fred og ro i påskeferien, sa Nesvik og humra.

Han var vidare svært tydeleg på at ei endeleg avgjersle er fatta.

– Det som no er viktig er at vi som fylke står saman om dette. Valet er fatta og dess meir vi står samla, dess meir sannsynleg er rask framdrift. Vi løftar best når vi løftar i flokk, avslutta ein fornøgd og oppelda Harald Tom Nesvik.

Laster kart, vennligst vent...

Hafast, den grøne og ytre traséen, er valt som kryssingsløysing for ferjefri E39 på Sunnmøre.