– Dette er kjempegode nyheiter. Eg meiner dette er eit kjempegodt val også med tanke på å velje midtre alternativ i Nordfjord.
Det seier dagleg leiar Mats Andersson i selskapet Nordfjordkryssing, etter å ha høyrt Frp sin parlamentariske leiar leggje fram regjeringa si E39-avgjerd for Sunnmøre.
LES OGSÅ:
Skal gå via Hareid
Høgre og Frp-regjeringa går inn for å byggje ferjefri E39 via Hareid (det såkalla Hafast-alternativet), i staden for å bygge bru der dagens E39 går over Festøya (Fefast) lenger inne i fylket.
Alternativet regjeringa har landa på er det dyraste og det som gir lengst køyretid for trafikantar på gjennomreise, men det knyter industrien på Sunnmørs-kysten nærmare Ålesund. Fylkestinget i Møre og Romsdal gjekk også inn for det alternativet som regjeringa no valde.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under kartet)
– Talar heilt klart for midtre
På møtet i Ålesund tysdag kveld kom det ingenting nytt om kvar regjeringa tenkjer at E39 skal krysse Nordfjord.
Anda – Lote-lobbyisten Andersson meiner likevel at valet av Hafast på Sunnmøre taler for at regjeringa vil gå for midtre trasé.
–Heilt klart. Her har ein valt regional utvikling med høgare kostnad og mindre netto-nytte på heilt andre premisser enn kva vi har i Nordfjord. Der er midtre det beste valet uansett, men traséen har i tillegg de verdiane ein har valt Hafast på.
– På kva måte?
– Eg tenkjer på regional utvikling, på langsiktigheit, og på å binde saman felles bu- og arbeidsmarknader. Det er det vi treng her på Vestlandet for å utvikle verksemdene våre og for å ha arbeidstakarar til næringslivet, seier Andersson til NRK.no.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under kartet.)
– Indre har klart styrka seg
Men i salen i Ålesund sat også utsendingar frå indre Nordfjord. Dei har ei heilt anna tolking av E39-avgjerda på Sunnmøre.
- Eg synest at indre linje gjennom Nordfjord klart har styrka seg etter det som vart sagt her i dag, seier Svein Sunde.
Han er dagleg leiar for selskapet Gode Vegar, og forkjempar for indre trasé via Stryn.
– Det vart mellom anna lagt vekt på kva næringslivet har uttalt. Dei går klart for indre trasé. Det vart lagt vekt på partia, altså Frp og Høgre går for, og dei har gått for indre i Nordfjord. Og det politiske fleirtalet i begge fylka, samla sett, har klart gått inn for indre trasé i Nordfjord.
– Men Nesvik i Frp seier at avgjerda på Sunnmøre ikkje gir føringar for Nordfjord?
Ja, eg registrerte det. Men samstundes la vi også merke til kva som vart lagt til grunn her. Eg meiner at indre med dette har styrka seg vesentleg, seier Sunde til NRK.no.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet.)
Nesvik (Frp): Dette legg ingen føringar
Regjeringa sitt sendebod på E39-møtet i Ålesund, Harald Tom Nesvik, avviser derimot at Hafast-vedtaket kan takast til inntekt – korkje for forkjemparane for midtre eller indre trasé i Nordfjord.
– Det legg ingen føringar for kva vi gjer i Nordfjord. Dette er eit prosjekt knytt til den vidare framføringa av E39 i Møre og Romsdal, og uansett om du vel det midtre eller indre alternativet i Nordfjord, så vil desse gå over i kvarandre.
- Ulike prosjekt
– Vil argumentasjonen for Hafast også leggje føringar for argumentasjonen for Nordfjord?
– Nei. Du vurderer prosjekta ut frå ulike forhold. Når det gjeld regionen knytt til Hafast, så er det klare utrekningar som viser ein stor positiv samfunnsrekneskap, og det ligg i botnen her.
– Kvifor kom avgjerda om kvar E39 skal gå på Sunnmøre før avgjerda for Nordfjord?
– Det kan eg faktisk ikkje uttale meg om. Vi frå Møre og Romsdal har fått presentert Møre og Romsdal, men så vidt eg veit vil det bli ei avgjerd i løpet av våren, seier Frp sin parlamentariske leiar og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal.
- LES OGSÅ.
Lødemel trur på Frp
Forkjempar for indre trasé, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H), kom til møtet i Ålesund saman med Stryn-ordførar Sven Flo og Svein Sunde. Han vel å tru på Nesvik om at Hafast-avgjerda ikkje kan tolkast i noko konkret retning for Nordfjord.
– Nei, Harald Tom Nesvik heilt klokkeklar på at dette har ingen føringar for Nordfjord. Det tykkjer eg er greitt, så får vi vente i spenning og sjå kva som kjem seinare i forhold til Nordfjord.
- Nokre seier at valet av Hafast betyr midtre trasé i Nordfjord?
- Nei, eg høyrer på kva Nesvik og Helge Orten (H) seier, og dei slår fast at det har ingen føringar for Nordfjord, seier Lødemel.
Trur på avgjerd før påske
Når regjeringa fattar ei avgjerd for E39 gjennom Nordfjord er uvisst, men begge leirar ventar i spenning.
– Eg vil tru at ei avgjerd kan komme før vi tek påske. Det kan like gjerne komme i løpet av dei to neste dagane, som etter påske. Eg er ganske sikker på at det kjem ei rask avgjerd, seier Svein Sunde frå Indre Nordfjord.
Og akkurat på dette punktet får han støtte frå Mats Andersson i midtre Nordfjord.
– Vi ønskjer å komme vidare, slik dei no er komne i Møre og Romsdal. Men eg trur avgjerda kjem raskt. Departementet har sagt at den kjem før våren har sett seg ordentleg, og det er den i ferd med å gjere.