Hopp til innhold

I dag gir dei jernet for å slå gamleklubben

OSLO (NRK): Jon Arnesen (24) og Lars Magnus Kaasa (25) har begge cupgull med Førde volleyballklubb. I dag gir dei alt for å snyte sunnfjordingane for kongepokalen.

Lars Magnus Kaasa og Jon Arnesen

TIDLEGARE: Lars Magnus Kaasa spelte fem sesongar i Førde, medan Jon Arnesen (i bakgrunnen) fekk ein sesong.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Førde er favorittar. Dei har stjernespelarane, dei er sterke på alle punkt, seier Lars Magnus Kaasa.

NTNUI har nett gjort unna si siste treningsøkt før cupfinalen mot Førde. No ventar avslapping på hotellet, medan Førde tek til på si treningsøkt.

Begge har NM-gull

Dei tidlegare Førde-spelarane Jon Arnesen og Lars Magnus Kaasa er sentrale på trønderlaget. Kaasa sat på benken, og Arnesen spelte, då Førde vann cupgull i Førdehuset i 2011. Så dei veit veldig godt kor god gullsmaken er.

Kaasa var også med å tape finalen mot Tromsø i 2014.

– Ikkje nemn det. Eg hatar å snakke om Tromsø-finalen, seier 25-åringn og ristar på hovudet. For to år sidan såg alt lovande ut for Førde sin del med 2-0 i sett. Så kollapsa dei, og trofeet enda opp i Troms.

40 år sidan sist

I dag kan både Arnesen og Kaasa henge gullmedaljen rundt halsen igjen. Om dei slår gamleklubben Førde.

– Det er veldig spesielt for min del. Det er same gjengen som spelte der då eg var der, men når kampen startar spelar ikkje det noko rolle. Då kan det vere kven som helst som står på andre sida av nettet, seier Kaasa.

– Uansett, ein cupfinale er stort, og vi føler at vi har vunne allereie. Det er 40 år sidan sist NTNUI var i ein finale, legg han til.

– Og så er det einaste kampen som det verkeleg er blest rundt, som blir sendt på TV og som alle vil sjå, legg Arnesen til.

Budde på Loftesnes

NTNUI vann tilsvarande serieoppgjer 3-1 i haust.

– Kampen var jamn og kunne bikka begge vegar. Det blir ein tøff finale, seier Arnesen.

Skal dei to tidlegare Førde-spelarane igjen heve trofeet over hovudet, er dei vel klar over at Mathias Loftesnes må nøytraliserast.

– Han får mykje ansvar i angrep. Det er vi sjølvsagt vel klare over. Så vi har våre planar. Men toppvolleyballen er slik at det er fleire sterke punkt. Tek du ut eitt, så dukkar det opp andre, seier Kaasa.