Hopp til innhold

Øystein (20) er Førde sin anonyme nøkkelspelar

OSLO (NRK): Øystein Bergum er kanskje ikkje den spelaren på Førde VBK du har høyrt mest om. Men han er uhyre viktig likevel.

Øystein Bergum og Jan Egil Tvinde

NØKKEL: Øystein Bergum (t.v.) har åleine sytt for berre to poeng i Førde-drakta. Men så er det heller ikkje å slå inn poeng som er jobben hans.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Øystein Bergum (20) sat ringside då Førde VBK sist løfta kongepokalen. Laurdag er han ein av dei viktigaste spelarane om Førde skal heve kongepokalen for fjerde gang.

Førde VBK-jubel

JUBEL FOR SETTSIGER: Førde VBK vann førstesettet 25-22.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den 20 år gamle liberoen fekk ikkje noko god oppleving sist han spelte i Domus Athletica. Cupfinalen mot Tromsø for to år sidan vart hans første frå start i Førde.

Øystein Bergum i mottak

MOTTAK: Øystein Bergum spelar libero for Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Men på bana kollapsa Førde, og kongepokalen gjekk nordover. Det skal ikkje skje mot NTNUI i dag.

– Det hadde vore veldig stort å vinne cupfinalen. Eg har tapt den ein gang før, og den kjensla var heilt forferdeleg, seier Øystein Bergum.

Anonym, men viktig rolle

Førdianaren er ikkje den mest profilerte av Førde-spelarane. Dei store poengsankarane er Mathias Loftesnes, Håvard Aarrestad, Jarle Fornes og Lars Fredrik Tvinde.

Men det er mykje takka vere jobben som Bergum gjer i mottak.

– Libero er nok ei anonym rolle. Det er ikkje eg som skal ta poenga, eller gjere det spektakulære. Jobben min er å hjelpe medspelarar til å komme i best mogleg situasjon så dei tek poenga, seier 20-åringen.

Landslagsdebut

Jan Egil Tvinde

TRENAR: Jan Egil Tvinde skildrar Bergum som ein viktig spelar på dagens Førde-lag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Og Bergum trivst og lukkast så godt med oppgåva at han i fjor haust debuterte for A-landslaget. Førde-trrenar Jan Egil Tvinde skildrar 20-åringen som ei viktig brikke i Førde-spelet.

– Han er lynrask og ein utruleg reaksjonssterk spelar. Om veldig kort tid er han Norges beste libero, seier Tvinde.

– Du må produsere gode mottak heile tida når du er i oransje drakt i Førde. Det er mentalt tøft å stå i, men vi jobbar med det og byggjer han opp steg for steg, held han fram.

– Heilt spesielt

Skulle Førde gå heilt til topps i cupen i dag, er det ikkje berre klubbens tredje kongepokal på seks forsøk.

Då vil også Bergum sin fem år gamle draum gå i oppfylling. I 2011 sat han på tribunen då Førde vann cupen på heimebane.

– Det var heilt spesielt. Eg sat bak benken til Førde og høyrde alt som gjekk føre seg. Det var skikkeleg trøkk i 1500 publikumarar, og det gav meg ein ekstra motivasjon og lyst til å komme dit sjølv ein dag, smiler han.

Har jobba hardt

Og i dag kan han sjølv heve pokalen framfor eit stort publikum. Sjølv om arenaen ikkje er Førdehuset, men Domus Athletica i hovudstaden. Og på vegen tukta dei både Randaberg og landets kanskje beste lag, erkerival Nyborg.

– Etter den dårlege fjorårssesongen, så blir det ei veldig god oppleving. Vi har jobba så hardt for dette, seier han og legg til.

– Og vegen vidare for Øystein Bergum?

– Vi får sjå. Eg har to og eit halvt år att av studiene her i Førde, men eg drøymer om å spele proff ein dag. Det skal ein del til, men får eg tilbod så kjem eg nok til å ta det.

– Det er er frykteleg høgt nivå og vanskeleg å komme seg ut som libero, held Bergum fram.

Trenar Tvinde meiner 20-åringen har ferdigheiter som trengst.

– Det er berre er modning og trening og spel på høgt nivå han treng, seier han.