Hopp til innhold

Var store favorittar - kollapsa etter halvspelt kamp

Førde vann dei to første setta lett i cupfinalen for herrar i volleyball, men då vakna kampgløden i Tromsø. Dermed vart det kamp på kniven heilt fram til siste ball. Og den gjekk ikkje i Førde sin favør.

Førde hadde Kongepokalen langt ned i kofferten, men sleptte Tromsø inn att i kampen. Etter femte og siste sett måtte skuffa sunnfjordingar innsjå at "gutan" var best.

SJÅ OG HØYR: Tromsø blokker matchballen inn til Jonas Kvalen, Lars Fredrik Tvinde og resten av Førde-laget si store fortviling.

Førde hadde full kontroll på kampen dei to første setta, men kollapsa fullstendig i tredje og fjerde sett.

Med settsifra 25-16, 25-21, 20-25, 17-25 og 13-15, var det skuffa Førde-spelarar som måtte sjå tidlegare Førde-spelar Martin Støyten og resten av Tromsø feire Kongepokalen.

– Vi inviterer dei inn i kampen. Dei byrjar å spele godt, pressar oss i serv, og vi feiler i mottak og gjer ein del feil val. Det utnyttar dei, seier ein tydeleg skuffa Førde-kaptein Jonas Kvalen.

– Heilt utilgjeveleg

I motsetnad til cupfinalen i fjor, var Førde det klart beste laget i byrjinga av kampen. Fleire hundre Førde-supporterar hadde funne vegen til Domus Athletica for å heie sunnfjordingane fram til cupfinalesiger, men måtte sjå laget sitt bli slege av eit ungt, men friskt Tromsø-lag.

Supporterar cupfinalen i volleyball

STEMNING: God stemning på tribuna under både dame- og herrefinalen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For i tredje sett melder Tromsø seg for alvor på og snur kampen. Resten er historie.

Når Tromsø-kaptein Robin Bergheim slår inn 15-13 i femte og avgjerande sett, er finalen over. Ein skuffa Førde-kaptein legg seg strak ut på bana og konstaterer at Førde har tapt sin tredje strake cupfinale.

– Det er heilt utilgjeveleg. Det er cupgull det er snakk om, og dette er det verste eg har vore med på. Vi leiar klart 2-0 og gir frå oss dei tre siste setta, seier ein tydeleg skuffa Kvalen.

– Vi får motstand

– Det som skjer i byrjinga av 3. settet er at vi byrjar å få motstand. Tromsø byrjar å spele betre og gjer mindre feil. Når dei spelar betre og får medvind, så blir det ein psykologisk sperre for oss. Vi kjem oss ikkje ut av tralten. Vi er for lite tøffe til å bikke det vår veg, seier assistenttrenar Martin Berntsen.

Etter det dårlege 3. settet held Tromsø fram presset i fjerde sett og heldt sunnfjordingane fire-fem poeng unna gjennom store delar. Til slutt blir det åtte poeng skilnad.

Spenning til siste ball

Framfor siste og femte sett var nervane i heilspenn både på bana og utanfor. Men Tromsø var på krigsstien og gjekk knallhardt inn for å halde sunnfjordingane i sjakk. Men Førde nekta å gi seg, og gav Tromsø kamp heilt fram til døra.

Førde VBK

TAPTE: Førde VBK hadde full kontroll på cupfinalen, men kollapsa totalt i to sett. Etter eit jamspelt femte sett trekte Tromsø det lengste strået.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det hjelpte berre så lite, for tromsøværingane vann til slutt på tie break med settsifra 15-13.

– Dette smakte ufatteleg godt. Av to kongepokalar, smaker denne best, jublar Tromsø-spelar, og tidlegar Førde-spelar, Martin Støyten.

– Denne smaker best

Om ikkje det var nok at laget hans vann, stod Støyten fram for Tromsø og vart saman med Jonas Kvalen kampens mest verdifulle spelar med 23 poeng.

Martin Støyten

STOD FRAM: Tidlegare Førde-spelar Martin Støyten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Støyten var i 2011 med å sikre Førde cupmeisterskap mot Nyborg. Då med ei langt meir anonym rolle - på benken. Før kampen håpa 23-åringen på ein reprise frå 2007-finalen då Tromsø sist møtte Førde i cupfinalen. Det gjekk troll i ord. Nok ein gang var det underdogen som vann. Og nok ein gang spelte Støten for underdogen.

– Denne smaker best. Spesielt fordi eg er med og spelar sjølv, og fordi det er mot gamle lagkameratar, gliser han.

– Er det eit slags takk for sist?

Liv og Røre på tribunen

STEMNING: Det var ikkje noko å seie på innsatsen til desse karane på tribuna.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det var ikkje det som var meininga, men du kan kanskje seie det slik, ler Støyten og tek eit godt tak kring pokalen.

NB! Under banketten vart også Støyten tildelt bestemannspremien for sitt gode angrepsspel og gode servar.