Svært alvorleg situasjon for Hydro – utelukkar ikkje kutt i Noreg

Nedstenginga av råstoffprodusenten Alunorte kan i løpet av veker og månader få store konsekvensar for hundrevis av arbeidsplassar på aluminiumsverka i Noreg.

Rødslam, avfallsdeponiet til Hydro Alunorte

BRASIL-ANLEGGET: Dette er avfallsanlegget i Brasil som Hydro ikkje har fått brukstillatelse på.

Foto: Cicero Pedrosa / NRK

SISTE: Onsdag kveld skriv Dagens Næringsliv at Hydro stengjer ytterlegare eitt verk i Brasil, om eit par dagar.

Hydro melde i dag at det svært omstridde aluminaraffineriet Alunorte i Brasil blir lagt ned etter sterk usemje med lokale styresmakter og regjeringa i Brasil.

Dette kan no føre til at eitt eller fleire av verka til Hydro må redusere produksjonen kraftig og i verste fall stenge.

– Vi kan ikkje utelukke at det vil få konsekvensar, men det er vi noko vi vil vurdere framover. Det å stenge verdas største aluminaraffineri er svært alvorleg for Hydro, for våre tilsette på verka våre og leverandørane, seier informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland, til NRK.

Har råstoff til to månader

Alle aluminiumsprodusentane i verda er heilt avhengig av råstoffet alumina i produksjonen og verka i Noreg har om lag to månader med forbruk på lager. Når det er tomt, er det høgst uvisst kva som skjer.

– Dette er vanskeleg for heile aluminiumsbransjen globalt. Vi jobbar med brasilianske styresmakter for å få anlegget tilbake i drift, seier Molland.

Halvor Molland

VIL FÅ ANLEGG TILBAKE I DRIFT: Informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland, seier at Hydro vil få Brasil-anlegget tilbake i drift.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Store kutt tidlegare i år

Det har gjennom tid synt seg vanskeleg og Alunorte har gått for halv produksjon sidan tidlegare i år. Konsekvensane kan bli store.

– Det er ein situasjon vi ikkje ønsker, men i ein slik situasjon kan vi ikkje utelukke noko som helst. Aluminamarknaden i verda er anstrengt fordi andre aluminiumsprodusentar har utfordringar. Vi hadde jo helst sett å kunne drive Alunorte på full produksjon, slår Halvor Molland fast.

– Dette kan bli alvorleg

Ved Hydro i Høyanger legg ikkje fabrikksjefen skjul på at situasjonen kan bli alvorleg for den viktige hjørnesteinsbedrifta.

– Vi er sikra råstoff i nokre månadar framover, så vi er trygge på kort sikt, men på lengre sikt kan dette bli alvorleg. Får vi ikkje nok råstoff, så må vi fase ned produksjonen, seier fabrikksjef i Høyanger, Stian Moe Tangen.

Høyanger-ordførar Petter Sortland blei overraska over at Hydro har stengt ned i Brasil.

– Dette kom brått på. Det er ikkje godt nytt og eg er uroa, seier han.

Stian Moe Tangen, fabrikksjef for Hydro i Høyanger

UROA: Fabrikksjef for Hydro i Høyanger, Stian Moe Tangen, er uroa over situasjonen.

Foto: Pressebilete