Tradisjonen tru går countryfestivalen på Breim av stabelen i helga, og i år med nye auge som overvaker det heile frå toppen.
Arve Kleppe har vore nestleiar for festivalen i fleire år, men i år er han konstituert dagleg leiar. Han er klar for å ta imot dei første festivalgjestane i kveld.
– Vi er så godt som i mål på alle felt, og har så god kontroll at vi er uroa for at vi har gløymt eitt eller anna, seier han og ler.
- Les også:
Står allereie i kø
Nytt i år er mellom anna at dei har starta med førehandssal av billettar. Det har gått langt betre enn dei hadde trudd.
– Det har gått over all forventning. Vi har selt over ein tredjedel av fjorårets billettsal. Vi har ikkje noko å samanlikne med, men vi er veldig nøgde, seier Kleppe.
Festivalen startar torsdag, men allereie søndag og måndag var nokre på plass.
– Det står nokre titals campingvogner på grusbana med folk som ventar på å få komme opp på campingen i kveld klokka 18.00. Så dei er veldig gira, ja, seier årets festivalgeneral.
- Les også:
- Les også:
– Hellbillies som trekkplaster
Blant dei store trekkplastera er Hellbillies og Vassendgutane, som begge skal spele på hovudscena fredag kveld.
– Det har vi store forventningar til. Hellbillies er veldig populære, og Vassendgutane er jo ungdomen sin moderne norske country, og det er jo for så vidt Hellbillies også, seier Kleppe.
Laurdag kveld byr festivalen på det norske bandet Byting, og amerikanarane Sweethearts of the Rodeo og Daryle Singletary.
Kleppe trekkjer også fram kyrkjekonserten på laurdag som ei stor oppleving, der dei fleste på artistlista skal spele.
750 på dugnadslista
For å få alt til å gå rundt krevst det mykje dugnadsarbeid, og det er ikkje få som tek i eit tak.
– I går stod det om lag 750 namn på dugnadslista, og det bur 1500 menneske i Breim.
Og denne innsatsen gir også tilbake til bygda. Dei siste åra har dugnadsinnsatsen ført fire-fem millionar kroner tilbake til lokale lag og organisasjonar.
Men korleis framtida for festivalen ser ut, er no usikkert. Knutepunktordninga, som har sørga for offentleg støtte til festivalen i mange år, er no under gjennomgang, og støtta kan forsvinne. Dette blir også avgjerande for om Kleppe vil halde fram som festivalsjef.
- Les også:
- Les også:
– Eg vil vente til etter denne festivalen her. Eg håpar vi får nokre signal om korleis støtteordningane blir, og så må vi bestemme oss kva nivå vi skal leggje oss på.