Hopp til innhold

Festivalsjef: – Dette vil vere ei rasering

–Dersom kulturministeren får gjennomslag for å kutte i ordninga med knutepunktfestivalar, vil det rasere ordninga, trur Hilde Bjørkum i Førdefestivalen.

Hilde Bjørkum

HÅPAR: Festivalsjefen vil vente og sjå kva Regjeringa kjem med i Statsbudsjettet 7.oktober. Men ho kan knapt tru at kulturministeren vil kutte i ordninga.

Foto: Vidar Helle

– Det var venta å komme ei justering av ordninga. Men det overraskar meg viss dei tenkjer å rasere heile ordninga på denne måten. No tenkjer eg at det står att å sjå kva som endeleg står i Statsbudsjettet, seier festivalsjef Hilde Bjørkum.

I 20 år har ei rekke norske festivalar fått direkte støtte over statsbudsjettet gjennom den såkalla knutepunktordninga. Den har kosta 100 millionar i året og etter det NRK har grunn til å tru vil den bli fjerna frå 2017, dersom kulturministeren får det som ho vil.

Førdefestivalen fekk i fjor 6,5 millionar kroner frå ordninga. Countryfestivalen på Breim fekk festivalen 1,7 millionar i støtte i år.

Viktig å spegle mangfaldet

– Staten har jo dessutan avtaler med fylkeskommunen og kommunar for desse festivalane som framleis gjeld, så eg blir overraska om dei vil rasere denne ordninga.

– Dette er jo kulturinstitusjonar som er blitt bygde opp over mange tiår og med personale med spisskompetanse, så om dei vil kutte det med eit pennestrøk er nesten sånn at eg ikkje kan tru det, seier Bjørkum.

Ho seier ordninga ikkje berre er viktig for sjølve festivalen, men også for publikum.

– Eg er trygg på oppdraget til Førdefestivalen med å vise rikdommen i verdas kulturmangfald og vere eit utstillingsvindauge for vår eigen musikktradisjon, er viktigare enn nokon gong. Vi får toppevalueringar for innsatsen, seier Bjørkum.

Manar Venstre og KrF til kamp

Kulturpolitikar i Ap, Torbjørn Vereide, meiner KrF og Venstre må komme på bana og berge festivalane.

– Når vi mister 8 millionar til kulturlivet i Sogn og Fjordane vil det gå utover publikum, seier Vereide.

No etterlyser han støttepartia i Regjeringa for å behalde ordninga.

– Vi har fått sterke signal frå Ap i kulturkomiteen at dette er ein kamp vi vil ta. No står vi utanfor Regjeringa og då treng vi støtte frå KrF og Venstre. Dei må forstå at dette er tiltak dei må jobbe for, og at dei set ned foten for Frp og Høgre.

Vereide seier dei saman må ta kampen for knutepunktordninga.

– Eg er villig til å ta kampen. Eg håpar at støttepartia er med, seier Vereide.