Publikum seier det er den beste festivalen vi har gjort nokosinne, seier Lars Kjølen i festivalleiinga i Elvisfestivalen i Måløy, også kalla The Norwegian Elvis Festival.
MEDIEANSVARLEG: Lars Kjølen har vore med i festivalleiinga sidan oppstarten.
Foto: Lars KjølenDet er sjette gongen festivalen som skal hylle Elvis Presley blir arrangert, og i år har det vore fleire publikum enn nokosinne. Førehandssalet av billettar var det beste dei har hatt.
– Vi har dobla kapasiteten og for bubilar i sentrum, seier Kjølen.
Elvis-tilhengarar
– Den harde kjernen av Elvis-fans reiser rundt i heile landet på konsertar, og ein del av dei var her. Så er det folk på ferie som oppdagar at det er ein Elvisfestival over tre dagar og vel å leggje turen innom her, fortel Kjølen.
Også dei lokale sette pris på festivalen og livet i gatene denne helga.
ELVIS-STIL: Fleire deltok i paraden.
Foto: BJARNE ELDEVIK– Det er smekkfullt i gatene, då stikk folk frå heimane sine og strøymer til, seier Kjølen.
Veteranbilar i gatene
Dei arrangerer også ei parade med veteranbilar gjennom gatene i Måløy. Artistane som også er Elvis-imitatorar sat inne i bilane.
I VETERANBIL: "Elvis" i ein av bilane som køyrde til utstilling.
Foto: BJARNE ELDEVIK– Det eg høyrer i etterkant er at det blir sett veldig stor pris på.
Ein gjest var spesielt invitert, nemleg Jason Shelton som er ordførar i Tupelo, Mississippi, som er fødebyen til Elvis Presley.
ORDFØRAR: Jason Shelton kom heile vegen frå Elvis sin fødeby Tupelo, Mississippi for å vere med på festivalen.
Foto: BJARNE ELDEVIK– Det var ei glede for oss at han ynskte å delta. Vi prøvde etter beste evne å gjere stas på han, fortel Kjølen.
Han fekk treffe ordføraren i Vågsøy, Kristin Maurstad. Han fekk også ei omvising med innblikk i det lokale næringslivet.
Storslått kyrkjekonsert
Festivalen vart starta med ein stor kyrkjekonsert i Sør Vågsøy Kyrkje der alle artistane bidrog med Elvis-slagerar.
– Det er eit høgdepunkt. Det er mange som kjem eine og åleine på den. Då tek vi for oss gospelversjonar av det Elvis gjorde, fortel Kjølen.