Hopp til innhold

Etterlengta oppsving for countrytreffet

Med 11.400 besøkande peikar pila oppover att for Norsk Countrytreff på Breim. – Det er viktig med tanke på all jobben som frivillige legg ned, seier dagleg leiar Eva Hage Solstad.

Norsk Countrytreff på Breim

TRASSA: Meteorologane sine åtvaringar om regn laurdag slo til, men det hindra likevel ikkje countryentusiastar i tusenvis å møte på Fjordhestgarden i Breim.

Foto: Runar Sandnes

Etter rekordåra med over 13.000 besøkande både i 2008 og 2009, var publikumstalet i fjor nede i 10.750.

For ei stifting som måtte ta opp lån for å dekkje inn 1,1 millionar kroner i underskot, er 11.400 publikumarar godt nytt.

Eva Hage Solstad

NØGD: Dagleg leiar Eva Hage Solstad er glad for at dei lukkast med å nå alle aldersgrupper.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det betyr veldig mykje. Å få auka omsetnaden er veldig viktig for oss, seier dagleg leiar Eva Hage Solstad.

Går med overskot

I år lokka countryfestivalen med artistar som Rhonda Vincent, Staut, Billy Yates, Vassendgutane og Kurt Nilsen.

Legg ein til fleire ulike arrangementa kring om i Gloppen, seier Solstad seg nøgd med årets arrangement.

Om ikkje det dukkar opp store overraskingar, vil festivalen gå med overskot.

– Vi er glade for at vi klarte å auke opp att. Spesielt med tanken på arbeidet som alle frivillige legg ned, så er det viktig for oss å sjå at det er godt med besøkande, seier festivalgeneralen i Breim.

Nådde fleire

Solstad fortel at dei i år har hatt sterkare fokus på å nå alle aldersgrupper, og meiner å kunne konstatere at det har gjeve resultat.

CountryLutt på Breim
Foto: Runar Sandnes

– I fjor såg vi at vi ikkje nådde ut til alle, særskilt dei unge. Det prøvde vi å få på plass i år. No skal vi evaluere og sjå på festivalen, men eg meiner trefte fleire ulike aldersgrupper med tanke på eit variert program, seier ho og legg til:

– Det kan også vere at god omtale frå dei som har besøkt oss tidlegare kan vere ei medverkande årsak.

Har utfordringar

Og regnvêret laurdag såg ikkje ut til å plage verken artistar eller publikum særskilt. Dette var den best besøkte dagen, der salet i dagspass utgjorde auken i høve til fredagen.

– Det såg ikkje ut som om regnet plaga publikum under konserten til Kurt Nilsen, seier Solstad.

Sjølv om året i år gav gode tal, er stiftinga klar på at dei må halde fokus på fleire område framover mot festivalen 2016.

– Vi må ned med kostnadene og sikre at vi likevel har eit godt program og opplegg for våre besøkande, avsluttar ho.

Countryfestival på Breim
Foto: Runar Sandnes