NRK Meny
Normal

Volda-frieri avvist i Sogn og Fjordane

LOEN (NRK): Høgskulen i Volda fridde til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Straks etterpå vart framstøtet avvist av Sogn og Fjordane.

Rektorar og styreleiarar i høgskulane

FRIAR UT I GARDEN: Rektor og styreleiar Johann Roppen (f.v.) i Volda fridde om fusjon til rektor Rasmus Stokke og styreleiar Trond Ueland i Sogn og Fjordane. Det vart avvist.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sidan klokka ni har høgskulestyra i Volda og Sogn og Fjordane vore samla til felles styreseminar og styremøte på Hotel Alexandra i indre Nordfjord.

Målet var å finne ut om dei to høgskulane kunne finne saman i ein fusjon. Først var dei samla i same sal for å høyre kvarandre, før dei gjekk kvar til seg.

Der vedtok eit samrøystes styre i Volda at dei ønskte seg fusjonssamtalar med Sogn og Fjordane.

Tidlegare på dagen hadde styreleiar og rektor Johann Roppen i Volda skissert tre moglege vegar for deira del:

  1. Sjølvstende
  2. Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane
  3. Felles fusjon til Vestlandshøgskulen (med Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane).
Styreseminar for høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane

FELLESSAMLING: Høgskulestyra i Volda og Sogn og Fjordane var samla i Loensalen i felles drøftingar om ein mogleg fusjon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

«Det står ein friar uti garden»

Johann Roppen på styremøte i HiSF

FRIARFERD: Rektor Johann Roppen orienterte høgskulestyret i Sogn og Fjordane om Volda sitt vedtak.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Roppen kom til styremøtet i Sogn og Fjordane og orienterte om sitt vedtak, og vart introdusert som «ein friar uti garden». Han fekk raskt spørsmål frå styreleiar Trond Ueland i Sogn og Fjordane om sjølvstendelinja var parkert.

– Dette er eit samrøystes vedtak. Det var mange nyansar i debatten, sa Roppen utan å svare konkret på spørsmålet.

Roppen forlet møtesalen, og styret i Sogn og Fjordane starta sin debatt. Både styreleiar Ueland og rektor Rasmus Stokke gjorde det klart at dei meinte styret ikkje kunne ha to parallelle fusjonssamtalar.

Dei måtte velje anten nordover eller sørover.

Vegval

– Eg er ikkje einig i at vi ikkje kan ha to løp. Vi har brukt mykje tid og pengar på ei utgreiing om fusjon sørover. Skal vi forlate Volda-sporet utan ei utgreiing? spurte styremedlem Jan Olav Fretland retorisk.

Styremedlem Hans Johan Breidablik var tydeleg på at dei berre skulle ha eitt løp.

– Volda prøver å setje oss i ein tvangssituasjon, med viten og vilje. Det likar eg dårleg, sa han og fekk støtte frå styremedlem Kari Kjenndalen.

– Dei er i ferd med å setje oss i ein håplaus situasjon. Vi kan ikkje lese noko entusiasme i deira vedtak, sa ho.

Styremedlem Oddmund L. Hoel ville derimot ha ein fusjon med Volda.

– Eg synest ikkje at Volda er verken uklår eller ufin. Eg trur ein slik fusjon er fornuftig, og det er betre enn å gå sørover.

Styremedlemmar i Høgskulen i Sogn og Fjordane

TVANG: Styremedlem Hans Johan Breidablik (t.v.) meinte Volda sette Sogn og Fjordane i ein vanskeleg situasjon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– For lite, for seint

Studentrepresentant Magnus Nordrum Brøste ville også ha Volda.

– Vi må velje retning. Og eg støttar Volda. Vi er både like og ulike nok til å utfylle kvarandre. Og ein slik fusjon vil ikkje vere ei sentralisering til Bergen.

Fleire andre styremedlemmer signaliserte at dei ikkje meinte Volda var den beste partnaren.

– Dette er «too little, too late» frå Volda, sa styremedlem Anneli Nesteng.

Votering

Oddmund L. Hoel fremja eit forslag til vedtak om å gå vidare i fusjonsforhandlingar med Volda.

Under avrøystinga fekk han fire røyster: seg sjølv, Jan Olav Fretland og studentrepresentantane Magnus Nordrum Brøste og Trine Ludvigsen Rygg.

Vidare vart det røysta over å gå vidare i fusjonsforhandlingar med Bergen og Stord/Haugesund.

Her valde Fretland å røyste for, og dermed vart vedtaket mot tre røyster.

Avrøysting i HiSF-styret

FIRE FOR VOLDA: Oddmund L. Hoel, Jan Olav Fretland og studentrepresentantane Magnus Nordrum Brøste og Trine Ludvigsen Rygg var dei einaste som røysta for Volda.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.