Hopp til innhold

– Enormt press for samanslåing av høgskular

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) spurde i dag kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) om det er frykt for represaliar som skal styre høgskulane mot samanslåing.

Liv Signe Navarsete

BAD OM GARANTIAR: Liv Signe Navarsete (Sp) bad kunnskapsministeren om garantiar mot forskjellsbehandling.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB Scanpix

Dette skjedde i spørjetimen i Stortinget. Navarsete kom med eit oppfylgingsspørsmål etter at partifellen Anne Tingelstad Wøien hadde spurt statsråden om kva han vil med dei høgskulane som kan bli ståande åleine.

– Det er eit enormt press for samanslåing. Om vi les utgreiing for samanslåing går det fram at frykt styrer mykje. Frykt for at skulane ikkje får stipendiatstillingar, frykt for å ikkje få godkjent masterutdanningar, frykt for represaliar, eigentleg, frå eigaren, altså Kunnskapsdepartementet.

– Kan ministeren garantere at departementet ikkje vil drive slik forskjellsbehandling mellom høgskular som fusjonerer, og høgskular som vel, med gode resultat, å halde fram åleine, i tett samarbeid med andre, spurde Liv Signe Navarsete.

– Normal demokratisk styring

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen tok avstand frå språkbruken til Navarsete.

– Det å kalla oppfølging av lovleg fatta vedtak for «frykt for represaliar» er ein temmeleg pussig språkbruk. Det handlar ikkje om frykt for represaliar, men om normal demokratisk styring av ein sektor.

Navarsete nemnde mellom anna at lærarstudentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er veldig godt nøgde.

– Studiebarometeret for 2015, der 29.000 studentar har svara om opplevd studiekvalitet, syner at tre av dei fem beste grunnskulelærerutdanningane høyrer til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er kanskje ikkje avvik og tilfeldigheiter som gjer at elevane i Sogn og Fjordane har mellom dei beste skuleresultata i landet.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

– BLIR IKKJE STRAFFA: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sa at høgskular som ikkje vil fusjonere ikkje skal bli straffa økonomisk.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Opne for fusjon

Til det svara statsråden at det er veldig viktig å ha nøgde studentar.

– Høgskulen i Sogn og Fjordane har sannsynlegvis fått til tettare oppfølging av elevane, at dei er flinke til å gi elevane tilbakemeldingar. Så er det andre område der Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje har like gode resultat, til dømes når det gjeld forskingspublisering.

Røe Isaksen sa at han hadde registrert at mange i Sogn og Fjordane no hallar til at Høgskulen bør sjå seg om etter andre institusjonar, til og med Senterparti-folk, som han sa.

I førre veke vart det kjent at rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen går inn for at skulen skal gå inn i fusjonsforhandlingar.

– Eg trur at Sogn og Fjordane no ser seg om etter fusjonspartnarar og er opne for den prosessen, fordi dei er interessert i å styrke høgskulen sin, ikkje svekke den, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Får store utfordringar

Til hovudspørsmålet frå Anne Tingelstad Wøien sa statsråden at det ikkje er noko i finansieringssystemet som departementet har lagt fram som tilseier at høgskular blir straffa for å stå åleine.

– Men dei kjem til å få store utfordringar i eit landskap der det blir fleire større konkurrentar, det er det ikkje tvil om.