Skal lære å møte klimautfordringane

Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok i dag å opprette eit masterstudium i klimatilpassing.

Øydelagt av flaumen

SKAL UNNGÅ SLIKT: Dei som blir utdanna i klimatilpassing skal planlegge samfunnet slik at vi unngår store skadar ved flaum og skred. Dette biletet viser Flåm skule etter flaumen i oktober 2014.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Dette er eit tilbod som kjem som fylgje av klimaendringane dei siste åra, med ekstremvêr som har ført til flaum, skred og vindskade, seier instituttleiar Tarald Seldal ved Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen.

– Klimaendringane utfordrar samfunnet på mange område, både når det gjeld forbruk, utslepp av klimagassar, kva areal vi kan bruke framover, og korleis vi skal omstille samfunnet for å møte klimautfordringane.

– Naturleg stad for studiet

Han meiner det er svært naturleg at eit slikt studium blir etablert nettopp i Sogn og Fjordane.

Biolog Tarald Seldal har forska på blåbærplantar og korleis dei pratar saman.

HÅPAR PÅ MANGE SØKARAR: Instituttleiar Tarald Seldal.

Foto: Eva Marie Felde

– Vi ligg i eit fylke der vi er nær fjordar og fjell, med den største innlandsbreen i Europa. Her kan vi sjå effekten av klimaendringane på nært hald, både når det gjeld skred og flaum. Og vi er store på fornybar energi.

Seldal fortel at programmet tek sikte på å utdanne planleggarar som kan mykje om korleis klimaet påverkar prosessar i naturen.

No kan du ta mastergrad i klimatilpassing. Høgskulen i Sogn og Fjordane er først i landet med denne utdanninga. Målet er at studentane skal lære å forebygge dei negative følgene av klimaendringane.

Startar i august

– Vi vil utdanne folk som kan utvikle strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar, og som i sin tur har kompetanse til å utvikle planar for kva areal som skal brukast til veg, jernbane og bustader, nettopp for å unngå skadelege effektar av flaum, skred og liknande.

Studentane som går laus på studiet i klimatilpassing skal gjennom ti kurs, og dei skal avslutte med å skrive ei forskingsoppgåve. Dei som kjem inn på studiet i klimatilpassing startar i august i år.