Hopp til innhold

Lærardraumen kan breste for fleire

Lærardraumen står i fare for å bli både usikker og fjern for mange unge. I fjor avgjorde regjeringa at alle som skal søkje lærarutdanning må ha minst karakteren fire i matematikk.

Julie Wangensteen

DRAUMEN BRAST: Julie Wangensteen ville helst bli lærar, men utdannar seg no i staden til sjukepleiar.

Foto: Linda Watten / NRK

– Det var i utgangspunktet ikkje dette som var framtidsplanen min, men no er eg her, seier Julie Wangensteen.

Wangensteen er fersk student på sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet i Førde. Ho ville bli norsklærar, men no er framtida som lærar fjern etter at regjeringa heva karakterkravet i matematikk frå tre til fire.

– Eg hadde ikkje god nok karakter i matte til å kome inn.

Prøvde fleire gonger

Uavhengig av kva du vil undervise i må du no minst ha fire i matematikk for å koma inn på lærarutdanninga. Wangensteen fortel at ho fleire gonger har prøvd å forbetra karakteren sin som privatist.

– Sist eg prøvde var eg elev ved Sonans i Oslo. Då pendla eg mellom Valdres og Oslo kvar måndag for å gå på skule. Eg brukte ein del tid og energi, og ikkje minst pengar på det, seier Wangensteen

Færre norsklærarar

Jan Olav Fretland er programansvarleg for lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Han seier at søkjartalet til lærarutdanninga ikkje har gått ned, men at det er ein urovekkande tendens både i Sogndal og på Stord.

Jan Olav Fretland

UROA: Jan Olav Fretland er programansvarleg for lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Dei som no byrjar på den sokalla 5 til 10-utdanninga får velje mellom norsk og matematikk det første året. Der vel nesten alle matematikk. Suta då er at kanskje 80 prosent av dei som byrjar på utdanninga på Stord og i Sogndal ikkje vert norsklærarar, seier Fretland.

Ynskjer valfridom

På Hafstad vidaregåande i Førde håpar Jakob Søgnen at mattekarakteren skal få han inn på lærarutdanninga til neste år, men han er ikkje sikker på om kravet til regjeringa er eit rett grep.

– Eg meiner det burde vere meir valfridom. Dersom du ikkje vil verte mattelærar, men heller lærar i samfunnsfag. Då kunne det til dømes vere meir fokus på dei meir samfunnsfaglege tinga, i staden for at tal og bokstavar som ein ikkje skjønar skal påverke lærarutdanninga.

– Rett å stille krav

Sjølv om matematikkravet kan setje ein stoppar for lærardraumen til fleire, vil ikkje regjeringa gå tilbake på kravet.

Magnus Thue

FIRER IKKJE PÅ KRAVA: Magnus Thue (H) er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Marte Garmann

– Vi ynskjer å stille krav i både språkfag og matematikk. Vi har starta med matematikk, og vi meiner at det å stille krav om fire i den enklaste matematikken frå vidaregåande skule ikkje er eit urimeleg krav å stille til framtidas lærarar, seier statssekretær Magnus Thue (H) i Kunnskapsdepartementet.

På Høgskulen ser Julie Wangensteen fordelane ved karakterkravet, men ho har også kjent på ulempene karakterkravet har.

– Det er bra dersom du skal bli mattelærar, men med tanke på dei som ikkje vil bli mattelærarar så er det dumt. Det øydelegg for planane til mange, seier Wangensteen.