Hopp til innhold

Hevingsarbeidet av bilen i Jølstravatnet har starta

JØLSTER (NRK): For familien til den sakna etter raset i Jølster i sommar, er dette siste håpet. I dag starta arbeidet med å få heva bilvraket frå vatnet.

I dag starta forsøk på heving av bil som vart teken av ras i Jølster. Den omkomne Ingar Sægrov er enno ikkje funnen, og no har familien håp om at bilen vert heva frå 170 meters djupne.

VIDEO: Sjå reportasjen frå Jølster, sendt i Vestlandsrevyen.

– Det er godt å endeleg kome i gang. Det har vore ei belastning å vente så lenge, seier Kjell Otto Gjesdal.

Han er svoger og talsperson for familien som har venta i over tre månader. 54 år gamle Ingar Sægrov sin status er framleis sakna. No håpar dei på svar, 170 meter under vatn.

– Me veit jo enno ikkje om dei finn han i bilen, men dette er siste moglegheit til å finne han.

Timinga var verst mogleg i slutten av juli i år. Regnvêret hadde slått inn med full styrke. Fleire elvar vaks seg store og vaska bort både delar av E39 og bruer.

Fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet var eigentleg stengd, men så bestemte politiet seg for å opne vegen for folk som ville vekk. Då gjekk raset som tok Sægrov. Politiet bad seinare om unnskyldning.

– At vegen vart opna fekk eit svært tragisk utfall, noko ein beklagar sterkt, melde Dag Fiske då.

Ingen kan vite sikkert om Ingar Sægrov finst inni bilen, men politiet reknar det som sannsynleg.

Ingen garanti

Eit firma frå Arendal har fått hevingsoppdraget. Ein flåte på vatnet blir arbeidsplass under tida det tek å få opp bilen. Først skal ein undervassrobot finne bilen. Deretter skal dei rydde vekk massar på botnen rundt bilen.

– Så skal me prøve å feste løfteutstyr i køyretøyet og heve bilen opp til overflata, seier politioverbetjent Torbjørn Thue.

Politioverbetjent Torbjørn Thue

I GANG: Torbjørn Thue i politiet hadde håpa det skulle gå fortare, men reknar dei tre månadene som normal lengd.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Dei reknar med at arbeidet kan ta rundt 14 dagar. Særleg kan sikta på botnen bli utfordrande.

– Det er dårlege forhold så djupt nede, med null sikt, og køyretøyet som er sakna er mørkt. Så det er vanskelege forhold å jobbe under, seier Thue.

– Framleis er det usikkert om det er mogleg å heve bilen?

– Ein kan ikkje love hundre prosent at dei klarer det, men dei skal gjere eit så godt forsøk som mogleg.

Følgjer med

Dei neste dagane og vekene blir nervepirrande for familien.

– Vi bur jo sånn at vi ser aksjonen, så vi ser kva som føregår, seier Kjell Otto Gjesdal.

Han seier dei er nøgde med korleis politiet jobbar med saka no, men han er skeptisk til kor lang tid det har tatt å kome hit. Først seint i oktober blei det kjent at politiet fekk pengar til å starte hevingsarbeidet.

– Vi føler at systemet ikkje er på dei etterlatne si side. Det har tatt svært lang tid. Det burde kanskje ha vore eit system som gjorde at vi kunne setje i gang denne operasjonen tidlegare, utan ein anbodsrunde, seier Gjesdal.

Ingar Sægrov og minnelund i Jølster

MINNELUND: Ingar Sægrov (54) er framleis sakna etter raset i sommar.

Foto: Torje Bjellaas / NRK