Hopp til innhold

Her trassar dei isolasjon og straummangel

FRESVIK (NRK): Med lommelykt og kritelister heldt Olaug Lindborg Hov ope nærbutikken for Fresvik som var totalisolert og heilt utan straum i eitt døgn.

Olaug Lindborg Hov

LOMMELYKT OG LISTER: Olaug Lindborg Hov måtte gjere det på gamlemåten då nærbutikken var utan straum.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Søndag ettermiddag gjekk det eitt jordras som stengjer vegen mellom Feios og Fresvik. Innbyggjarane i Fresvik var heilt isolerte frå omverda og lenge utan straum.

Olaug Lindborg Hov driv butikk i den vesle bygda som tel 200 innbyggjarar. All handel måtte i dag gjerast på gamlemåten – med penn og papir.

– Vi har ærlege folk her, som kjem att og betalar seinare, seier ho.

Det har vore ein hektisk dag på nærbutikken med mykje folk innom heile tida.

Olaug Lindborg Hov

UTAN STRAUM: Olaug Lindborg Hov måtte føre opp lister måndag då Coop Marked Fresvik var utan straum.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Folk har stort sett handla batteri. Alle skal få tak i mat også. Ingen skal svelte i hel, ler ho.

De er førebudde sidan de har opplevd uvêr og totalisolasjon før?

– Det er klart at ein blir litt vande, men det er like uhyggeleg kvar gong det skjer.

Ho fortel at elva går midt gjennom bygda. Det var mykje stein nedover heile fjellsida. Naboen og son hennar var ute om natta for å reinske den oppdemde elva for steinar.

Skred mellom Feios og Fresvik i Vik

HER GJEKK RASET: Raset var mellom 50 og 60 meter breitt og stenger vegen mellom Feios og Fresvik.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Båtrute tek unna delar av trafikken

Det blir ny vurdering av rasområdet mellom Feios og Fresvik torsdag kl 16:00.

Ordførar i Vik kommune, Roy Egil Stadheim, fortel at kommunen har sett opp båtrute som handterer delar av trafikken inn og ut av Fresvik.

På Vik kommune si nettside kan du finne heile oversikta over båtruter mellom Vik og Fresvik.

Stadheim er optimistisk. Innbyggjarane i bygda har måndag ettermiddag fått tilbake straumen.

– Folk i Vik er vande med slikt vêr, så eg trur dei fleste tek det med ro.

Roy Egil Stadheim

ORDFØRAR: Ordførar i Vik kommune, Roy Egil Stadheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Er det håp om at folk kjem seg heim til nyttårsfeiringa?

– Ja, no har vi sett opp ein turnus. Folk må sjekke kor tid båten går og prøve å tilpasse seg dei rutene. Vi håpar at det skal gå bra, seier han.

Fylkesveg 5600 mellom Vik og Arnafjord er også stengd på grunn av rasfare, men det vil bli gjort ny vurdering på denne strekninga i morgon klokka ni.

– Vi får håpe at det ikkje blir meir langvarig, for då må vi sette inn tiltak der også, seier ordføraren.

– Ein vanskeleg situasjon

Gyda Bøtun er direktør i den lokale bedrifta Fresvik Produkt. Ho synest det er ein utruleg vanskeleg situasjon for innbyggjarane i den vesle bygda.

– Det nærmar seg nyttårsfeiring. Det er mykje folk heime på ferie no. Mange skal komme heim til nyttår og mange skal tilbake på arbeid, fortel ho.

Ho håpar det ikkje vil ta mange dagar før alt er tilbake til det normale.

– Det er klart at ein blir litt engsteleg når vegen inn til bygda er stengd. Det viktigaste er at det ikkje har gått liv tapt, fastslår ho.