Her les Eline til eksamen medan heile bygda er innesperra og utan straum

Medan dei rundt 200 innbyggjarane som bur i Fresvik er isolerte frå omverda, tyr Eline (28) til alternative metodar for at livet skal gå si vante gang.

Eline les til eksamen

ISOLERT: Eline Bjørneklett og resten av bebuarane i den vesle bygda Fresvik i Sogn er innesperra på grunn av eit Jordras søndag ettermiddag.

Foto: PRIVAT

– Å lese til eksamen går greitt, men det er verre å ikkje komme seg til jobb, seier Eline Bjørneklett.

Sjukepleiaren som til dagleg jobbar i Bergen er saman med resten av Fresvik innesperra grunna eit jordras mellom Fresvik og Feios, i Sogn.

Statens vegvesen bekrefta måndag føremiddag at vegen som har vore stengt sidan raset søndag ettermiddag, ikkje vert opna igjen med det første.

Straumen gjekk

Medan dei ventar på at vegen skal opne att, er det ikkje mykje anna å gjere enn å vente. I tillegg til at bygda er isolert, gjekk også straumen i går kveld. Det vil seie at dei fleste mobilar byrjar å lade ut.

– Sjølv har eg svært lite straum att på mobilen, så no er det ikkje lenge til eg vert skikkeleg isolert, seier ho.

Enn så lengje forsøker ho å halde motet oppe med vere produktiv. Eit godt gammalt hovudlys hjelper på når ho skal lese til krefteksamen. Men sjølv om ho nyttar tida godt, er Eline klar på at ho håpar det vert mogleg å komme seg av garde snarast råd.

– Dersom vegen ikkje opnar att snart, kryssar eg fingrane for at det vert settopp alternativ skyss med båt. Det er mange her som lyt komme seg av garde, seier ho.

Skred mellom Feios og Fresvik i Vik

SKRED: Vegen mellom Fresvik og Feios i Vik er stengd jordskredet som er mellom 50 og 60 meter breitt.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Bekymra for sikkerheita

Litt lengre inne i dalen held Anita Høydal og mannen til. Dei har born som skulle komme til Fresvik for nyttårsfeiring, som truleg ikkje får moglegheita. Høydal er bekymra over at det enn så lengje ikkje er noko transportmiddel tilgjengeleg, skulle noko skje.

– Mange har husdyr som kan trenge dyrlege, og enkelte treng pleie også. Det er ekkelt å tenkje på at me ikkje har noko alternativ hjelp skulle noko skje, seier ho.

I likskap med Bjørneklett håpar Høydal vegen vil opne att. Men sjølv har ho ingen aning om størrelsen på sjølve raset.

– Det vart jo sett opp ein bom eit godt stykke unna, for dei som skulle sjekke det i går. Men eg har høyrt det er ganske stort og sperrar mykje.

Må vente enda litt til

Ny vurdering for opning av vegen var sett til klokka 12 måndag føremiddag, men like før slaget kom den nedslåande beskjeden om at vegen ikkje vert opna før på igjen før ut på nyåret.

– Mannskapet får ikkje lov å byrje med opprydding i dag grunna rasfare. Men dersom dei får byrja i morgon så er det ikkje nok tid til å opne att, så ny vurdering er sett til torsdag, seier trafikkoperatør Ronny Sleire i vegtrafikksentralen.

Han er usikker på kva alternative transportruter som er planlagt for bebuarane som er isolerte i Fresvik.

– Eg reknar med at Vegvesenet og fylkeskommunen kjem med informasjon så fort som råd.