Hopp til innhold

Her er Ann Kristin (31) i starten av karrieren - no skal ho bruke meir tid på familien

VOSS (NRK.no): 22 år etter at ho starta karrieren med sitt aller første løp, var ringen slutta for Ann Kristin Aafedt Flatland.

– Det er vemodig. Eg har jo halde på med dette i mange år. Samstundes ser eg fram til mindre reising og å vere meir saman med familien, seier Ann Kristin Aafedt Flatland til NRK.no

Ho avslutta søndag karrieren med å ta bronsemedalje med Hordaland på NM-stafetten på Voss – 22 år etter at ho gjekk sitt første renn eit steinkast unna.

Dei fleste NRK.no snakka med brukte det same ordet: Vemodig.

– Det er klart det er litt vemodig. Sist helg stod eg med ein liten tåre på kinnet i Holmenkollen, då ho vart feira der. Då rann alle åra gjennom meg. Det har vore mange opplevingar. Oppturar og nedturar, seier pappa Halvor Flatland.

  • SJÅ BILETE FRÅ DEN INNHALDSRIKE KARRIEREN ØVST I SAKA!

Skaffa bygda ein OL-medalje

– Ann Kristin har betydd kjempemykje for Vik. Ho har vore ein svært god ambassadør for kommunen sin. Har har aldri gløymt kor ho kjem ifrå, seier ordførar i Vik, Marta Finden Halset.

Ho meiner den profilerte skiskyttaren for alvor har sett Vik på kartet. Samstundes er ho eit stort førebilete for ungane i kommunen – og det var det ikkje tvil om under NM på Voss.

Der hadde eit stort tal supporterar frå Vik møtt opp for å hylle Aafedt Flatland. Ho hadde si fulle hyre med å skrive autografar til ungane.

– Alle støttar Ann Kristin, og det skulle berre mangle. Ho har jo skaffa ein OL-medalje til Vik, smiler ordføraren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ann Kristin Aafedt Flatland under NM på Voss

MIDTPUNKT: Ann Kristin Aafedt Flatland var eit naturleg midtpunkt under sitt siste meisterskap – NM på Voss. Her skriv ho autografar og let seg avfotografere saman med supporterar frå heimbygda.

Foto: Rune Fossum / NRK

Var ikkje spesielt god som ung

Aafedt Flatland starta med skiskyting i tiårsalderen, heilt tilbake i sesongen 1991–1992. Då hadde ho lagvenninna Arna Kolltveit som førebilete.

Sjølv takkar ho foreldra, eit svært godt miljø og flinke trenarar for at ho heldt fram – og til slutt satsa mot verdstoppen.

– Og så var det ein kjekk gut der, som vi likte så godt. Det var ein kamp om å få liggje ved sidan han på standplassen, ler 31-åringen.

– Kva tid forstod du at du hadde talent?

– Eg var aldri spesielt god i ung alder. Men eg har alltid vore allsidig og lett-trent. Det var først då eg vart junior at eg tok større steg, og då eg vart teken ut til junior-VM byrja eg meir å tenkje meir alvorleg og seriøst på det, seier Aafedt Flatland.

Har mange gode minner frå karrieren

Vik-løparen debuterte i junior-VM i russiske Khanty Mansiysk i 2001. Der vart det ein 18. plass som beste plassering, og sidan har ho teke steg for steg mot verdstoppen.

Ho har to sigrar i verdscupen som beste individuell prestasjonar, i tillegg til femteplassen i VM i 2007. Under fjorårets VM ramla ho frå ein sikker medalje – den einaste moglegheita ho hadde til å ta ein individuell meisterskapsmedalje.

– Kva er det beste minnet frå karrieren?

– Eg hugsar veldig godt første gongen eg tok steget opp på sigerspallen i verdscupen. Og året etter vann eg mitt første verdscuprenn. Det var veldig stort, og noko eg heile tida hadde jobba mot, seier Aafedt Flatland.

Ho legg til:

– Dessutan har eg fått vere med på gode stafettar. Eg hugsar særleg godt då vi krabba heilt til topps i fjor. Då var det lenge sidan Norge hadde klart det.

– Kva med nedturar?

– Ja, det har det også vore nokre av - og slik er det vel for alle. Det var eigentleg både opp- og nedtur då eg ramla under VM i fjor. Det var kanskje det beste løpet eg har gjort. Eg var så nær, men likevel så langt i frå. Det var surt. Eg brukte lang tid på å komme over det, seier Aafedt Flatland medan ho tenkjer på fallet som øydela for ein VM-medalje.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Gledestårer i Hochfilzen

GLAD: Ann Kristin Aafedt er jublande glad over stafettgull i VM.

Pappa kunne øydelagt for gullet

Pappa Halvor Flatland har følgt dottera tett gjennom alle åra – frå den spede starten heilt fram til karriereslutten. Saman med kona Reidun følgde dei NM frå sidelinja, slik dei har gjort det både i inn- og utland gjennom mange år.

– Det er jo stort sett kjekt å vere foreldre til ein utøvar i verdstoppen. Eg har ein jobb der eg reiser mykje i Sogn og Fjordane, og det første folk vil prate med meg om er skiskyting og Ann Kristin. Men det er berre triveleg og kjekt. Det har vore ei solskinshistorie for oss, seier Halvor Flatland.

Han hugsar tilbake til starten på karrieren til dottera. Ho var ni-ti år og debuterte i sitt første renn på Voss. Den første børsa vart kjøpt på Lærdal – ei tung, finsk børse av merket Sako.

– Noko du hugsar spesielt godt?

– Det var ein stor augneblink då ho som 16-åringen saman med Lene Fosse og Brita Helleland vart norske meistrar på stafett i Bardufoss. Det var ein veldig inspirasjon, seier Flatland og held fram:

– Eg hugsar det veldig godt, for dei risikerte å bli diska fordi eg var urutinert og hadde sekundert for nært mål. Men det gjekk bra.

– Tenk om pappa hadde øydelagt alt...

– Ja, det var jo det eg var redd for, ler Flatland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Flatland tok gull

GULL: Ann Kristin Aafedt Flatland sikra seg NM-gull. Men var sint på pappa Halvor undervegs...

Klare for nytt kapittel etter skiskytinga

Førebels har nok ikkje tanken på eit liv utanom skiskytinga heilt fått fotfeste, korkje hos Ann Kristin sjølv eller hos foreldra. Til det har det gått for mykje i eitt fram til og med NM.

Men no står den nye kvardagen for døra. Skiløparen skal gjere ferdig lærarutdanninga, og så tek ho kanskje til som lærar.

– Kjenslene kjem nok etter kvart. Eg vil sakne miljøet og det å kjenne på spenninga det er ved å gå skirenn, seier ho.

– Det har nok ikkje heilt gått opp for oss enno. Men det er slik at alt har si tid. No er ho ferdig, og det blir nok litt annleis å følgje med på skiskyting i framtida. Men det er framleis spennande, for det er veldig mange spennande utøvarar på veg, seier Halvor Flatland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Familien Flatland på NM på Voss

SISTE RENN: Ann Kristin Aafedt Flatland hadde mamma Reidun og pappa Halvor med seg på sin siste meisterskap i helga. Også vesle Anne var med for å sjå mamma ta farvel med skiskyttarsirkuset.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ann Kristin har betydd veldig mykje

Også skiskyttarane i Vik kjem nok til å merke at den store motivatoren legg ski og børse på hylla for godt. I helga hadde dei møtt opp mannsterke for å hylle den store skiskyttarprofilen frå gammalostbygda i Sogn.

Aafedt Flatland er ein av dei mest markante kvinnelege idrettsutøvarene frå Sogn og Fjordane nokon sinne.

– Ann Kristin har betydd veldig mykje for oss. Ho har heile tida gitt veldig mykje av seg sjølv. Ho stiller alltid opp på treningar når ho er heime i Vik, og ho var med som trenar og lagleiar for Team Statkraft Hordaland då ho var gravid. Ho er eit stort førebilete – og det er heilt sikkert mange som driv med skiskyting på grunn av ho, seier Bjørn Tore Årevik.

Han er sjølv frå Vik, og er leiar i Hordaland skiskytterkrets. No har skiskyttargruppa i heimkommunen mellom 40 og 50 aktive løparar.

– Den store motivatoren er no borte. Men ho kjem til å stille opp også vidare. Det som er vemodig, er at det er slutt på spenninga med å sjå Ann Kristin gå verdscup og meisterskap, seier Årevik.

Har ikkje indre motivasjon lenger

Sjølv har Aafedt Flatland hatt dei beste resultata sine på tampen av karrieren. Dei to verdscupsigrane kom i 2011 og 2013. OL-bronsen kom først i år.

Sånn sett burde ho kanskje halde på nokre år til...

– Eg føler at eg har meir inne, og at eg kan utvikle meg vidare både skytemessig og fysisk. Slik sett kunne eg nok ha vore med i mange år. Men det er tungt med så mykje reising, seier Aafedt Flatland.

– Etter at eg kom tilbake etter fødselen, var OL det store målet. Etter det har eg ikkje sett meg nye mål. Den indre motivasjonen er der ikkje. Så då kjenner eg at det er rett å avslutte.

– Du kjenner du kan senke skuldrene litt no?

– Ja, eg gjer eigentleg det. Det har vore kjekt å drive med skiskyting, og det er fantastisk moro å klare å nå mål ein set seg. Men samstundes ser eg fram til å reise mindre, roe ned og bruke meir tid på andre ting, seier Aafedt Flatland.

Ann Kristin Flatland skjøt fullt hus på siste skyting og hadde meldt seg på i kampen om en pallplassering, men så fallt hun og brakk den ene skien. Kommentator: Andreas Stabrun Smith. Redigering: Hilda Klaveness

SÅ NÆR, MEN... Så nær var Ann Kristin Aafedt Flatland ein individuell medalje i ein meisterskap. Det enda med fall.