Hopp til innhold

Tilbake etter fødselen - fleire trur mammarolla kan slå positivt ut

Samtidig som Ann Kristin Aafedt Flatland no gjer comeback i skiskyttareliten har ho hendene fulle med ungepass og amming. Det kan faktisk slå positivt ut, meiner tidlegare skiskyttardronning Liv Grete Skjelbreid Poirée.

Ann Kristin Aafedt Flatland

TILBAKE: I april vart Ann Kristin Aafedt Flatland mamma for første gong. I helga gjorde ho comeback med ski på beina og børse på ryggen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sju månader etter at ho vart mamma til vesle Anna, gjorde Ann Kristin Aafedt Flatland i helga comeback i skiskyttareliten. Det er travle dagar for skiskyttaren frå Vik, for mellom timar med trening skal ho også ha tid til bleieskift, amming og ungepass.

Men skal ein tru den tidlegare skiskyttardronninga Liv Grete Skjelbreid Poirée treng ikkje ekstraarbeidet berre vere negativt. Sjølv tok ho fire VM-gull året etter at ho vart mamma for første gong.

– Det er klart du er nøydd å forsake veldig mange andre ting. Du har ikkje rom for å leve eit normalt liv, det er eit einsamt liv – og det er du og babyen det dreiar seg om.

Merkar at mammarolla krev sitt

Med 15. plass på sprinten på laurdag, var Ann Kristin Aafedt Flatland tilbake på idrettsarenaen for første gong sidan ho vart mamma til vesle Anna i april.

Men til forskjell frå livet før mammarolla, er det langt meir krevjande å satse som toppidrettsutøvar no.

– No når eg har hjelp til å passe på ho, går det veldig fint. Men når eg er åleine, er det meir krevjande. Då må det meir planlegging til.

30-åringen frå Vik debuterte i verdscupen i 2003 og tok sin første verdscupsiger på sprint i Oberhof i januar i 2011. I 2010 gjekk ho på det norske laget som tok VM-sølv i mixed stafett, året etter tok ho gull i same øvinga.

Tok fire VM-gull etter fødselen

Liv Grete Skjelbreid Poirée blir av mange rekna som den aller beste kvinnelege skiskyttaren i Norge. Då ho la opp i 2006 kunne ho skilte med seks individuelle VM-gull, eit OL-sølv og ei OL-bronse for og nemne noko.

Skjelbreid Poirée er den einaste kvinnelege skiskyttaren som har teke fire gullmedaljar i eitt og same verdsmeisterskap.

Det gjorde ho i 2004, sesongen etter at sin første fødsel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Grete Skjelbreid Poirée, Beitostølen

POSITIVT: Liv Grete Skjelbreid Poirée trur mammarolla kan slå positivt ut for skiskyttaren frå Vik.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg ligg litt etter

Spørsmålet er om Flatland kan få ein tilsvarande effekt av mammarolla.

– Det er veldig fort å samanlikna med dei som har gjort det før. Men vi har nok hatt ulike fødslar og ulike svangerskap, og ungane er nok sikkert også ulike.

– Eg har prøvd å gjere det eg føler er rett for meg. Og eg fekk i slutten av april, og ho i januar – så ho hadde nok nokre månader ekstra. Eg ligg litt etter, då eg byrja å trene litt seinare enn ho.

– Men det er lov å håpe på ein fysiologisk effekt, som ein bonus…?

– Ja, sjølvsagt. Det kan jo hende, men det veit ein jo ikkje.

(Artikkelen held fram under)

Trenar har tru på suksess

Herretrenar Roger Grubben har følgt med Ann Kristin Flatland sidan ho kom med på landslaget. Han trur familieauken kan slå positivt ut for løparen frå Vik.

– Eg trur det dreier seg mest om at ein ikkje skal forvente at ein skal bli betre, men at ein skal komme tilbake på det same nivået.

– Samstundes må ein bli strukturert. Og du får kanskje eit avbrot på eit år, og litt anna fokus på ting, som gjer at når ein kjem til meisterskap lettare klarer å ta ut det ein er god for.

– Større føresetnader enn nokon gong

Vegen tilbake til verdstoppen kan nok fortone seg som lang frå 15.-plassen i helga. Men vinterens VM ser ho på som ein bonus, for Flatland satsar først og fremst mot OL i Sochi i 2014.

Det trur Skjelbreid Poirée er fornuftig.

– Eg trur ho har større føresetnader enn nokon gong – no ser ho kva som skal til for å bli best, seier Skjelbreid Poirée til NRK.no.

– Vi har lov å håpe på edelt metall i OL?

– Ja. Ho tenkjer nok OL. Og det trur eg ho gjer rett i, dersom ho meiner det er det rette for ho.

– Og eg har stor tru på at ho kjem tilbake, så sant motivasjonen er der og familien hennar har det bra.