Hopp til innhold

Difor har ho ikkje gått verdscup sidan OL

Ann Kristin Aafedt Flatland kjem ikkje til å gå noko meir renn før verdscupavslutninga i Holmenkollen.

RUSSIA BIATHLON WORLD CUP Biathlon World Cup in Sochi

OL: Ann Kristin Aafedt Flatland både gler og gruar seg til sesongen er over. – Det er vemodig å gje seg og ikkje gå skirenn meir når ting fungerer. Samstundes kjenner eg på dette med reising, så eg ser fram til å roe ned og få litt meir struktur på livet, seier ho.

Foto: SERGEI CHIRIKOV / Epa

Skiskyttaren frå Vik var ikkje med i Pokljuka, og er heller ikkje med på det norske laget som denne veka går verdscuprenna i Kontiolahti.

Men, noko tidleg avslutting på karrieren er det ikkje.

– Eg har ikkje vore i slag etter OL og kjende meg litt mentalt utlada. Eg tok ei vurdering og bestemte, i samråd med trenarane, meg for å ikkje gå desse to verdscuprenna, seier Ann Kristin Aafedt Flatland.

Avsluttar med NM

OL-bronsen på stafetten i Sotsji var hennar siste internasjonale meisterskapsmedalje. Etter sesongen legg ho opp som skiskyttar på toppnivå.

Karrieren blir avslutta med NM på Voss. Flatland vedgår at åtte veker på reis sidan 1. januar har teke på.

– Dei siste dagane har eg kjent at det byrjar å fungere att og at eg har fått overskot. Men eg kjenner at eg treng litt meir trening før eg kan kjempe om dei gjævaste plassane att, seier ho.

Går i Kollen

Når verdscupen blir avslutta med tre renn i Holmenkollen neste helg, blir det både hennar neste og siste internasjonale renn.

Helga etter ventar fire løp når Voss arrangerer NM.

– Skal ein gå i verdscupen må ein vere på hogget og «fit for fight». Ein må kjenne at ein har lyst til å gå og kjempe i toppen. No har eg ikkje kjent meg god nok og har mangla energien eg treng for å legge ned både trening og gå renn, seier ho.

Heim for å trene

Sesongens store mål har ho allereie nådd og lagt bak seg. Dei 22. olympiske vinterleikar i Sotsji.

– Då fekk eg ein liten utlading, og eg har ikkje sett meg klar til å gå skirenn. Då var det betre å reise heim for å trene og lade batteria, seier Flatland.

– Korleis ser du føre deg å avslutte karrieren?

– Eg avsluttar forhåpentlegvis med stafett med Hordaland søndagen på Voss. Det blir nok tøft å kjempe om medalje, men eg har lyst å ha ei god oppleving og ha det kjekt.