Video: Her smell vogntoget inn i fjellveggen

Sjåføren av vogntoget ante fred og ingen fare då han kom køyrande på riksveg 15 i Stryn. Få sekund seinare sat han fastklemd mot fjellveggen.

DOBBEL SMELL: Den latviske sjåføren kom frå ulukka utan alvorlege skader. Videoen syner kva som skjedde.

Videoen som blei tatt opp av dashbord-kameraet i vogntoget syner tydeleg dramatikken. Ein personbil kjem over i feil køyrefelt, treff venstre framhjul på vogntoget og vogntoget mistar kontrollen.

– Vi vil ikkje spekulere noko i årsaka til ulukka, men videoen syner jo sitt, seier kommersiell direktør i det latviske transportfirmaet Kreiss, Pavel Solovjovs.

Det var magasinet Anlegg & Transport som først omtala saka.

Fråteken førarkortet

Det var 5. april i år ulukka skjedde, men først no har Kreiss offentleggjort videoen som syner korleis personbilen kjem over i feil køyrefelt.

I bilen sat fire ungdomar, to av dei blei køyrde til sjukehus i Førde, to andre måtte til legevakt. Føraren av personbilen, ein mann i 20-åra, blei fråteken førarkortet på staden.

– Det er på bakgrunn av mistanke om at personbilen har kome over i feil køyrefelt, sa innsatsleiar i politiet, Roger Gundersen, til NRK.

Måtte bergast ut

Førarhuset på vogntoget blei knust inn i fjellveggen i samanstøyten og sjåføren måtte bergast ut av redningsmannskapa som kom til staden.

– Han er kraftig forslått og har smerter i ein fot, men han har vore innom oss på kontoret og forsikra om at han ikkje har meir alvorlege skader, seier Pavel Solovjovs i Kreiss.

Solovjovs er glad for at sjåføren filma det som hende.

Fleire har den siste tida tatt til orde for at dashcam bør vere på plass i alle store bilar. Blant anna mangeårig sjef for Tenden Transport i Stryn, Rolf Olav Tenden.

– Kamera burde vore standardutstyr og regulert slik at til dømes forhandlar, politi eller forsikringsselskap kan hente ut informasjonen, sa han til NRK nyleg.

Trafikkulukke mellom Kjøs og Markane i Nordfjord

BERGA UT: Slik såg det ut på ulukkesstaden på riksveg 15 mellom Kjøs og Markane i Nordfjord.

Foto: Bendikte Grov / NRK