Hopp til innhold

Dashcam-salet eksploderer – bedriftseigar meiner det burde vore standardutstyr

Stadig fleire vogntog rullar rundt med dashcam i frontruta. – Ei billig forsikring, seier dagleg leiar Stig Are Hoddevik i Førde Kranutleige.

Stig Are Hoddevik i Førde Kranutleige monterer dashcam

VIL HA: Både eigarar og tilsette i Førde Kranutleige er glade for at alle dei ti bilane no får kamera. Dagleg leiar Stig Are Hoddevik har ingen ambisjon om å plusse på dei mange private videoane som florerer i sosiale medium om farlege situasjonar. – Bileta skal brukast som dokumentasjon om uhellet først skulle vere ute, seier han.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Då pluggar vi og fester det utanfor synsfeltet i frontruta. G-sensor gjer at den lagrar siste minuttet ved kraftig oppbremsing. Her lyser det grønt og då er alt klart.

Stig Are Hoddevik i Førde Kranutleige

ALVORLEG: – Krana har vore ute av drift i eitt år og vi har tapt inntekter. Men det viktigaste er likevel at vi fekk føraren tilbake. Han var borte frå jobb i åtte månader og har fått varige men, seier Hoddevik.

Foto: Idunn Lavik / NRK

Dagleg leiar Stig Are Hoddevik i Førde Kranutleige, gjer det som stadig fleire gjer; festar eit kamera i frontruta på eitt av sine ti køyretøy.

Det skulle han gjerne hatt då ein av kranbilane deira var involvert i ei alvorleg trafikkulukke i Jølster i januar 2018.

Føraren av den 48 tonn tunge kranbilen vart alvorleg skadd i møte med hengaren til eit utanlandsk vogntog . Ingen hadde kamera. Politiet la vekk saka, og no stridast forsikringsselskapa til partane om kva som skjedde.

Kranbil i krasj med vogntog i Jølster i januar 2018

ALVORLEG: Føraren av kranbilen vart alvorleg skadd i trafikkulukka på E39 i Jølster i fjor vinter.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hoddevik trur eit videoopptak kunne gjort både etterforsking og forsikringsoppgjer langt lettare.

– Vi er klare på kva som er årsaka, men motparten påstår noko anna. Hadde vi hatt kamera, så kunne opptaka vore bevis, seier han.

Firedobla sal på tre år

Madeleine Schøyen Bergly

AUKE: Kommunikasjonssjef i Elkjøp, Madeleine Schøyen Bergly, trur det er fleire årsaker til at fleire vel å installere dashcam i bilane sine. – Fleire forsikringsselskap har byrja å rabattere avtalane sine, om forbrukaren har dashcam. Det kan ha hatt ei påverknad, seier ho.

Foto: Elkjøp Norge

Slike er det mange som tenkjer. Elektronikkjeda Elkjøp fortel om ein salsvekst på 150 prosent sidan i fjor. Kraftig vekst opplever også marknadsdirektør i Nextbase, Anders Livik Sæther.

Så langt i år har firmaet, som er marknadsleiande på dashcam i Europa, seld vel 5.300 kamera her i landet, og nærmar seg allereie salstalet for i fjor.

Nextbase reknar med å selje 21.500 kamera - ei tii Noreg i 2019. Og 3,2 millionar i Europa.

Nextbase sitt sal av dashcam

Årstal

Tal

2017

3.385

2018

7.438

2019

5,373 (1. kvartal)

Totalt estimert for 2019

21.500

Sæther trur at stort fokus på vogntog og trafikktryggleik har påverka salet.

– Vi høyrer ofte frå kundane at dei ikkje ynskjer uvisse kring kven som har skuld. I tillegg har det i vinter vore mykje meir fokus på vogntog som kryssar grensene, og som ikkje er rett utstyrt for forholda i Noreg, seier han.

Reiser problemstillingar

Men bruk av dashcam er ikkje problemfritt. Informasjon kan kome på avvege eller misbrukast. Det er til dømes kort veg frå kamera til internett.

Jurist i Datatilsynet, Jade Bui, opplever ein jamn straum med spørsmål kring bruk av dashcam. Ho har eitt klart råd:

– All handsaming av personvernopplysningar må ha eit klart definert føremål og rettsgrunnlag. Er til dømes føremålet med dashcam oppklaring eller opplæring, så skal det ikkje brukast som dokumentasjon i ei oppseiingssak, seier Bui.

– Skal vareta føraren

Jim Klungnes i Yrkestrafikkforbundet.

ÅTVARAR: Forbundsleiar Jim Klungnes i Yrkestrafikkforbundet åtvarar mot ukritisk bruk av dashcam frå verksemdene si side. – Dersom verksemda også nyttar opptak til å overvake arbeidsdagen til førarane, eller som argumentasjon for oppseiingar, er vi negative til slike initiativ, seier han.

Foto: DEREK BATEMAN / NRK

Som Bui er forbundsleiar Jim Klungnes i Yrkestrafikkforbundet klar på at arbeidsgjevar og tilsette må vere må vere samde om klare retningsliner for bruk og lagring av bileta.

Han er oppteken av at kamera ikkje skal brukast til overvaking, men for å vareta førarar som risikerer månader utan arbeid og inntekt om dei kjem ut for eit ulukke.

– Det kan til dømes brukast til opplæring, i tillegg til å vere god dokumentasjon i det langsiktige tryggleiksarbeidet ved til dømes ulukker/nesten ulukker. Ein føresetnad er naturlegvis at personvernregelverket blir følgd, seier Klungnes.

– Bør vere standardutstyr

Rolf Olav Tenden, fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund

YNSKJER: Rolf Olav Tenden meiner kamera bør bli standardutstyr i alle store køyretøy.

Foto: Anna Gytri / NRK

I Stryn ser lastebileigar Rolv Olav Tenden ei anna problemstilling, som gjer at han meiner dashcam burde vere standardutstyr i alle store køyretøy.

Sjølv har ikkje Tenden installert kamera i nokon av dei 30 bilane sine. Det har derimot førarane gjort, slik at halve bilparken til Thor Tenden Transport rullar rundt med kamera.

Tenden har til no ikkje sett seg nøydd til å bruke opptak som dokumentasjon i saker.

Men han meiner kamera som standardutstyr er ei betre løysing enn ettermonterte kamera, plugga i sigarettennaren, der føraren sjølv kan avgjere om kamera skal vere på eller ikkje og om opptak kan nyttast eller ikkje.

– Det kan ikkje vere slik at du viser ein video når du har godt samvit, men let vere når du har dårleg. Kamera burde vore standardutstyr og regulert slik at til dømes forhandlar, politi eller forsikringsselskap kan hente ut informasjonen, seier Tenden.

Ynskjer ein «svart boks»

Geir A. Mo

REGELVERK: – Eit kameraopptak kan vere viktig for å oppklare ulukker, men det kan også medverke til at ein førar lettare kan komme seg vidare i livet etter ei fatal ulukke, seier Geir A. Mo.

Foto: Jon Terje Hellgren Hansen/NLF

Den meiner også Geir A. Mo, administrerande direktør i Noregs lastebileigarforbund. Aller helst ynskjer han ein «svart boks–funksjon», som i fly.

– Vi har mange eksempel på at kamera rett plassert kan vere med å avdekke kva som skjedde, seier han og legg til:

– Det er det viktigaste når ulukka først har skjedd, å finne ut kva som skjedde, kvifor det skjedde og korleis ein kan unngå at det skjer i igjen.

NRK har vore i kontakt med både Scania og Volvo, men har så langt ikkje fått noko svar.

– Nyttig informasjon

Arne Johannesen, politileiar i Sogn og Fjordane

VIKTIG: Arne Johannessen er leiar for politiet i Sogn og Fjordane. Han meiner dashcam kan gi politiet viktig informasjon i etterforskinga av trafikkulukker.

Foto: Bård Siem / NRK

På generelt grunnlag stadfestar leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, at slike opptak kan vere nyttige.

– Det kan faktisk vere eit avgjerande bevis, men det kan også vere eitt av fleire bevis i eit større puslespel. Det kan vere ting som skjer før, under eller etter hendinga som er relevant for etterforskinga, men som ikkje er med i opptaket, seier han.