Hopp til innhold

Denne hagen skal bli Noregs mest spennande

JØLSTER (NRK): I løpet av 16 år gjorde kunstnaren Nikolai Astrup eit forfalle småbruk til ein oase med eksotiske plantar. No skal hagen settast i stand att.

Astruptunet

SPENNANDE: Jølster kommune og Sparebankstiftinga DNB har store planar for Nikolai Astrup sin heim, Astruptunet. – Vi har mål om å gjere dette til den mest spennande hagen og hageanlegget i Noreg, seier ordførar Oddmund Klakegg.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Målet er å sette i stand att noko av den fantastiske hagen som ein gang var her, og få tilbake idyllen, atmosfæren og lyset som Astrup planla og drøymde om å få til med Astruptunet, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

Omfattande planar

Oddmund Klakegg

LIVSPROSJEKT: – Kunsten til Nikolai Astrup var nok eit stort livsprosjekt, men kanskje tunet og hagen var eit endå større livsprosjekt, seier ordførar Oddmund Klakegg.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Gjer vi ikkje noko no, så kan vi risikere at bygningar, tunet og hagen forsvinn sakte, men sikkert. Då er det ikkje sikkert vi har noko Astruptun om 40–50 år, legg han til.

Det ynskjer verken Jølster kommune eller Sparebankstiftinga DNB skal skje med heimen til kunstnaren Nikolai Astrup.

Difor tok dei for tre år sidan initiativ til å planlegge det som skal bli den mest spennande hagen i Noreg. Onsdag presenterte dei planane.

– Det var ein oase

Landskapsarkitekt Ingeborg Melgren Mathisen

KUNSTPROSJEKT: Landskapsarkitekt Ingeborg Melgren Mathisen skildrar hagen på Sanddalstrand som eit kunstprosjekt. – I utgangspunktet var den ein stad familien kom for å livberge seg. Etter kvart vart det eit vakkert anlegg, seier ho.

Foto: Ahmad Dean / NRK

For Astruptunet anno 2018 er langt frå det same som Astruptunet i 1928, då kunstnaren døydde. I løpet av 16 år brukte Astrup mykje av inntektene frå kunstnarlivet på bygningar og tre og plantar frå alle verdas kantar i dei bratte skråningane på sørsida av Jølstravatnet.

– Det var tøffe kår dei første åra. Dei slost for tilværet, og han skapte anlegget med verkeleg mannemakt, seier landskapsarkitekt Ingeborg Melgren Mathisen.

Enkelte skildrar småbruket som eitt av kunstnaren sine største verk.

– Det var ein kunstnarheim med mange bygningar og ein nyttehage som er heilt utan sidestykke, både i Jølster, Noreg, men også internasjonalt. Det var ein oase, seier Mathisen.

Stifting tek rekninga

Anders Bjørnsen i Sparebankstiftinga DNB

SATSAR: For to år sidan introduserte Anders Bjørnsen og Sparebankstiftinga DNB kunsten til Nikolai Astrup for publikum i Tyskland og England. No vil dei bruke fleire millionar på å sette i stand att hagen på Astruptunet.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Arbeidet blir omfattande, og får truleg ein prislapp på mellom 10 og 20 millionar kroner. Den tek Sparebankstiftinga DNB, som også har brukt store beløp på å gjere Astrup til ein verdskunstnar og eksportvare på kultur frå Noreg.

I 2016 såg over 140.000 utstillinga som turnerte i London, Oslo og Emden. I 2020 er målet tre utstillingar i USA.

Avdelingsdirektør Anders Bjørnsen seier han fekk ideen i 2011 då han inviterte ein delegasjon med internasjonale kunsthistorikarar og museumsdirektørar til Astruptunet.

– Den enorme begeistringa dei viste, fekk meg til å tenkje at dette var kunsthistorisk heilt unikt og noko vi må ta vare på, seier han.

– Tunet var basis

Astruptunet

KUNSTNARHEIM: Prosjektet på Astruptunet vil ta mange år å fullføre.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Det er ikkje noko lite arbeid som ventar. I tillegg til hageanlegget skal bygningsmassen varetakast, erosjon hindrast og både tun og anlegg skal sikrast for framtida.

For tunet var viktig for kunstnaren Nikolai Astrup.

– Nikolai seier sjølv i breva sine at det var i Jølster han fann inspirasjonen, lyset og motiva, og det var her han utvikla seg som kunstnar. Tunet, plassen og naturen i Jølster var basis for alt Astrup gjorde, seier Klakegg.