Hopp til innhold

Gir 50 000 til innspeling av Astrup-film

Sogn og Fjordane kunstmuseum gir 50 000 kroner til innspelinga av filmen om livet til kunstnaren Nikolai Astrup frå Jølster.

Oddmund Klakegg og Janne Leithe

ASTRUPFILM: Ordførar i Jølster Oddmund Klakegg (Sp) og avdelingsdirektør Janne Leithe i Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

I eit strålande sommarvêr på Astruptunet smilte dei involverte om kapp med sola då gåva var presentert fredag kveld.

– Vi har vore så heldige at vi har fått ei gåve på grunn av videoverket «Nikolais natt» som vi kjøpte inn med støtte frå Sparebankstiftinga DNB. Pengane som vi no har fått i gåve vil vi bruke til filmen om livet til Nikolai Astrup, seier avdelingsdirektør Janne Leithe i Sogn og Fjordane kunstmuseum

Filmen om kunstnaren frå Jølster har eit budsjett på 12 til 14 millionar kroner og innspelinga er allereie i gang. Heimen til kunstnaren, Astruptunet, vert ei viktig kulisse i filmen.

–Eg har fått ein liten sniktitt på filmen, og det ser ut til å bli ein heilt fantastisk film frå Jølster, seier Leithe.

Film og TV-serie

I utgangspunktet er det ein spelefilm som skal brukast utanfor landets grenser, men det blir også ein serie på tre episodar som er selde til NRK.

– Når ein skal lage ein slik film, med ein slik kvalitet så er det alltid behov for meir pengar, seier Leithe.

Frå før har Jølster kommune stilt opp med 200 000 kroner til forprosjektet og 450 000 til sjølve hovudprosjektet. Totalt er det samla inn nærare to millionar kroner til filmen lokalt.

– Vi har blitt utfordra til å til å stille med eit par millionar til filmen lokalt, og då er 50 000 kroner inga lita løyving, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Astruptunet

ASTRUPTUNET: Her budde og arbeidde kunstnaren Nikolai Astrup, som fann mange av dei kjende motiva sine i heimkommunen Jølster.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Viktig for regionen

Dei seinare åra har det vore fleire store utstillingar med verk av Astrup i utlandet. Utstillingane i London og Emden i Tyskland var svært populære.

– I London trudde dei det var fantasilandskap han malte, og som ordførar i Jølster var eg der nærast som sanningsvitne på at nei, både lyset og landskapa finst på ordentleg, seier Klakegg.

– No når utlandet har fått auga opp for kunsten til Astrup, kva trur at ein slik film om kunstnaren og livet hans vil kunne få å seie for Jølster og Sunnfjord?

– Han har jo byrja å få eit internasjonalt namn, og vil utvilsamt verte meir kjend i tida som kjem. Då er det viktig å få vise fram bygda, samstundes som vi får vist fram kunstnaren som til dei grader har skildra naturen og stemningane i Jølster, seier Klakegg.

– Når blir det premiere?

– Eg har drøymt om at premieren skulle vere i år, det blir det nok ikkje. Men eg trur at 2019 kan vere realistisk, seier Klakegg.