NRK Meny
Normal

Dette har han jobba for i sju år

LONDON (NRK): I dag opnar ei stor Astrup-utstilling i Dulwich Picture Gallery i London.
Både Dronning Sonja og kulturministeren skal delta på opninga.

Anders Bjørnsen

– VELDIG STOR DAG: Avdelingsdirektør Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dulwich er det første kunstgalleriet i verda, bygt i 1811, og det har rundt 250.000 gjester i året.

For Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB er det ein stor dag. Han er avdelingsdirektør for kunst og kultur i institusjonen som i si tid tok initiativet til å få kunsten til Nikolai Astrup meir kjend internasjonalt.

– Eg har jobba med dette i sju år, og for meg er det ein veldig stor dag. Det er nesten utruleg at vi faktisk er der.

Gler seg over interessa

Ikkje minst gler han seg over den store interessa det har vore for Jølster-kunstnaren i Storbritannia.

– Då eg starta på dette prosjektet hadde eg ikkje venta å få så omfattande og god presse. Det har vore berre positivt, mange gode artiklar. Journalistane har gjort ein strålande jobb med å sette seg inn i denne for dei ukjende kunstnaren.

«Den norske kunstnaren du ikkje kjenner, men aldri gløymer». Slik skildrar den engelske storavisa The Guardian Nikolai Astrup. Anders Bjørnsen håpar at 50.000 menneske vil ta turen innom utstillinga, men han vil vere nøgd om det kjem 40.000.

Astrup i London

UTSTILLING: Slik ser delar av London-utstillinga av kunsten til Nikolai Astrup, ut.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Har brukt fleire titals millionar

Sparebankstiftelsen DNB kjøpte Astrup-kunsten i 2005 og har brukt mykje pengar på prosjektet.

– Journalistar er veldig opptekne av pengar. Aftenposten hadde eit intervju med meg i førre veke, og då var overskrifta at vi hadde brukt 30 millionar kroner på Astrup. Ja, litt tabloid kan vi seie at vi i dei ti åra vi har eigd kunsten har brukt rundt 20 millionar, og så skal vi bruke ti millionar dei komande tre åra på det nye Astrupsenteret på Kode i Bergen, seier Anders Bjørnsen.

Utstillinga skal vidare til Kunsthalle Emden i Tyskland og Henie Onstad Kunstsenter i Oslo, før den returnerer til Bergen i 2017.

Bjørnsen røper at i planane ligg også fleire Astrup-utstillingar i utlandet, og at USA kanskje blir det neste landet. Men det ligg truleg fleire år fram i tid.

– Ein stor dag

Sigrid Anna Oddsen

– VELDIG STOLT: Nærings- og kulturråd Sigrid Anna Oddsen ved den norske ambassaden i London.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nærings- og kulturråd Sigrid Anna Oddsen ved den norske ambassaden i London seier dette er ein stor dag også for dei som representerer Norge i den britiske hovudstaden.

– Det er ein fantastisk stor dag, veldig gøy. Vår rolle er å promotere Norge i UK, det gjeld også norsk kunst og kultur. Då brukar vi det nettverket ambassaden har opparbeidd gjennom mange år ved å knyte kontaktar mellom norske og britiske kulturinstitusjonar og kunstnarar.

Onsdag kveld blir det ein større middag i galleriet med Dronning Sonja mellom gjestene.

Det er rekna med at rundt 100 journalistar vil dekke opninga av Astrup-utstillinga torsdag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå