Hopp til innhold

Her rulla bokmålsnyhende frå feil fylke på Aasen-ferja

I over eitt år har dei reisande på ferja «MF Ivar Aasen» blitt servert nyhende og trafikkmeldingar på bokmål – frå Møre og Romsdal.

Skjerm på ferja MF Ivar Aasen

HEILT FEIL: Det kan vere greitt å få med seg siste nytt når ein er på reisefot, men i Balestrand-sektoren har «MF Ivar Aasen» servert ferjepassasjerane nyhende og trafikkmeldingar frå feil fylke – på nynorsk.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg håpar dei ikkje køyrer etter kart frå Møre og Romsdal også, for då er det eit under at dei ikkje har køyrt på land tidlegare, seier humorist, forfattar og nynorskforkjempar Jens Brekke.

– Ser ironien

Brekke er nok blant dei mange observante passasjerane som i over eitt år har fått bokmålsnyhende frå Romsdals Budstikke på veg over Sognefjorden.

Ivar Aasen

IVAR AASEN: Ferja er bygt i 1998 og gjekk tidlegare på sambanda Aukra – Holingsholmen og Ørsneset–Magerholm. No går den på trekantsambandet Dragsvik–Hella–Vangsnes.

Kanskje ikkje heilt på sin plass sidan ferja ber same namn som opphavsmannen til nynorsk, språkforskaren og diktaren Ivar Aasen.

Regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, ser ironien.

– Ja, vi ser den, humrar han og forklarar.

Tor Kristoffersen, Fjord1

HAR ENDRA: Tor Kristoffersen seier Fjord1 no serverer nyhende frå rett fylke om bord på ferja «MF Ivar Aasen». At ferja serverte nyhende på bokmål er han mindre oppteken av:–Folk er opptekne av ulike ting, seier han.

Foto: Fjord1

– Ferja har tidlegare gått i Møre og Romsdal, der vi hadde avtale med ein leverandør om å formidle nyhende frå lokalaviser der. Dette er ikkje blitt oppdatert etter at fartøyet kom til Sogn og Fjordane.

Relevant informasjon

Helge Rogn i Statens vegvesen trur nyhende og trafikkinformasjon frå eit anna fylke kan vere ei ulempe for trafikantar om bord.

– Reisande bør få informasjon som er relevant for dei vegane dei har tenkt seg ut på. Det bør også vere i Fjord1 si interesse å formidle aktuell informasjon frå det rette området, seier han.

I Vik er Brekke vel så oppteken av at informasjonsskjermane på ferja formidlar på bokmål.

Jens Brekke

SPRÅKRØKT: Jens Brekke er ikkje berre oppteken av nyhende frå rett fylke, men også nynorsk og språkrøkt.–Vi opplever stadig vekk at bokmålet kjem automatisk, seier han.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Dette er ei stor skam. Det handlar om språkrøkt. Det er som med tannrøkt, passar du ikkje på dett tennene ut, seier han.

– For å snakke litt på båtspråket, dei har gått litt på grunn.

– Men nynorskfolk forstår vel bokmål også?

– Jada, det gjer vi. Vi forstår også engelsk.

No er det endra

Brekke har tidlegare teke kampen mot bokmålsbruk hos politiet. Sju månader tok det før han fekk bota for ulovleg bålbrenning, på nynorsk.

– Det hadde vore eit spennande prosjekt å sett kva toleranse reisande til Nesoddtangen hadde hatt for nynorskinformasjon på kaien i Oslo. Eg trur ikkje at det hadde gått stilt føre seg, seier han.

Etter at NRK gjorde Fjord1 klar over feilen, har dei no endra informasjonsskjermane. No skal reisande få relevant informasjon og trafikkmeldingar frå fylket – også hos «MF Ivar Aasen».

– Språkrøkt må ein drive heile tida, det er ikkje noko ein må gjere ein gong og så er ein ferdige. Heile tida må ein vere obs og passe på, seier Brekke.