Hopp til innhold

Sivilombodsmannen meiner Brekke ikkje har krav på nynorsk bot

Seksjonsleiar i Språkrådet, Kristin Solbjør, stadfestar at politiet har rett når dei seier at Jens Brekke ikkje har krav på å få førelegget sitt på nynorsk.

Jens Brekke kjempar for å få nynorsk førelegg

NEI: Ifølgje Sivilombodsmannen sin uttale er ikkje førelegg del av dei administrative oppgåvene til politiet, og dermed ligg dei heller ikkje inn under mållova.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

– Det er ikkje rart at han stiller spørsmålet, for det meste av korrespondansen folk har med staten, har dei rett til å få på si eiga målform, seier Solbjør.

Jens Brekke har fått eit førelegg på 7.000 kroner for å ha tent bål utan løyve. Han vil meir enn gjerne betale bota, men ikkje før han har fått førelegget på nynorsk.

Politiinspektør Bjørn Larsen ved Sogn og Fjordane politidistrikt har understreka at Brekke ikkje har rett til å få førelegget på nynorsk, og dette stadfestar Solbjør i Språkrådet.

– Det stemmer nok, det, seier Solbjør.

Meiner førelegg ikkje er omfatta av lova

Det er ein uttale frå Sivilombodsmannen i ei sak frå 1994 som gjer at utskriving av førelegg ikkje ligg innanfor mållova. Sivilombodsmannen uttalte seg i ei liknande sak som den Brekke er oppe i. Når det gjeld målbruken i politiet og påtalemakta, skriv Sivilombodsmannen:

«Ombodsmannen la til grunn at omgrepet «rettsstellet» har samanheng med rettargangen, at omgrepet femner vidare enn domstolane og at påtalemakta si påtaleverksemd går inn under omgrepet.

Ut frå karakter og innhald var det naturleg å sjå utforminga av førelegg i den einskilde saka som rettargangsverksemd som målbruksreglane ikkje gjeld for. Ombodsmannen tok atterhald med omsyn til den delen av førelegget som var skrive ut på ferdigtrykt skjema.»

- Sivilombodsmannen tolka mållova slik at førelegg ikkje er omfatta av lova, seier Solbjør.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jens Brekke med dokumenta så langt

MYKJE PAPIR: Jens Brekke har skrive mange brev for å få førelegget sitt på nynorsk.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Tvilar på at Sivilombodsmannen har rett

Jens Brekke tek ikkje uttalen frå Sivilombodsmannen veldig tungt, og har framleis tenkt å stå på for å få førelegget på nynorsk.

– Dette tvilar eg sterkt på at Sivilombodsmannen har rett i. For det er kulturdepartementet som tolkar mållova, seier Brekke.

Han snakkar av røynsle. I 1987 vart han stoppa av politiet for å ha køyrt for fort, og fekk difor eit forenkla førelegg. Dette nekta han å godta før han fekk det på nynorsk.

– Justisdepartementet tolka det på sitt vis og prøvde å vri seg unna. På resten sa dei at det var kulturdepartementet som skulle avgjere saka. Slik vart det, og kulturdepartementet slo fast at lov om målbruk i offentleg teneste gjeld alle stadar i offentleg teneste. Så eg trur Sivilombodsmannen tek kjeften for full, seier Brekke.

Han kjenner seg trygg på at førelegget vil komme på nynorsk.

– Det er eg viss på. Kvifor skal vi ha ei lov viss ho ikkje gjeld, spør Brekke.

Hadde opphavleg ei anna tolking

Solbjør i Språkrådet understrekar at sjølv om ikkje sjølve førelegget er omfatta av mållova, er all korrespondanse som gjeld førelegget, omfatta av lova. Det betyr at dersom du klagar på eit førelegg, og får svar på klagen, så skal denne vere på nynorsk dersom du ønskjer det.

Solbjør legg ikkje skjul på at tolkinga til Sivilombodsmannen ikkje er heilt i same gata som tolkinga Språkrådet har hatt av mållova.

– Vi la opphavleg til grunn ei anna tolking av mållova. Men når Sivilombodsmannen har uttalt seg slik, så er det dét vi må halde oss til, seier Solbjør.

Politiet er i gang med eit stort arbeid som mellom anna skal føre til at dei jobbar på ein smartare måte. Som del av dette, skal det også komme eit nytt system som politiadvokatane skal jobbe i, og her skal også nynorsk vere ei av målformene.

– 1. januar 2018 skal malane på nynorsk vere i bruk, seier politiinspektør i Politidirektoratet, Knut Erik Huseby.

Trur haldningane er litt slappe

Det er Solbjør glad for.

– Det er veldig bra. Det er klart at folk gjerne vil ha dialog med statsmakta på si eiga målform, og det er flott at politiet legg det til grunn når dei formar ut systemet, seier Solbjør.

Politiet har fleire gonger fått kritikk for å ikkje nytte nynorsk i kommunikasjon med publikum, og Språkrådet har teke imot fleire klagar.

– Vi har fått ein del klager på at det er lite nynorsk når politiet er på sosiale medium, til dømes. Her kan både politiet og andre verte mykje betre, seier Solbjør.

– Er det slik at det ikkje er så farleg om ein bryt mållova?

– Det er nok nokon stader slik at haldningane er litt slappe. Det handlar nok litt om kompetanse og rutinar, men aller mest at leiarane i statsorgana må syne at dei tek mållova på alvor, seier Solbjør.

No er sogningen Jens Brekke i krangel med påtalemakta igjen.

VIDEO: No er sogningen Jens Brekke i krangel med påtalemakta igjen.