Hopp til innhold

Her møter statsministeren Linea og Svein Ove

MÅLØY (NRK): Statsminister Erna Solberg møtte Linea Midtbø Helgestad og Svein Ove Falkevik, som har engasjert seg stort for forsking på sjukdommen ALS.

Erna Solberg, Linea og Svein Ove

MØTE: Linea Midtbø Helgestad og Svein Ove Falkevik fekk fortalt Erna Solberg kor viktig dei synest det er å få meir pengar til forsking på hjernesjukdommen, ALS.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg synest det var veldig kjekt at ho tok seg tid til å treffe meg og Svein. Eg hadde meir eg ville spørje ho om, men ho har jo eit stramt program, seier Linea Midtbø Helgestad etter møtet.

12 år gamle Linea Midtbø Helgestad og Svein Ove Falkevik som har engasjert seg mykje i heimkommunen for å samle inn pengar til forsking på sjukdommen ALS, som Falkevik er ramma av.

Erna Solberg møtte dei på Kulatoppen bu- og omsorgssenter og skrytte av engasjementet dei to har vist for sjukdommen, ALS.

Solberg støttar saka

Statsministeren seier seg einig med Falkevik og Midtbø Helgestad i at det trengst meir forsking på sjukdommen. Ho seier det allereie er lagt inn 15 millionar til behandlingsretta forsking på hjernesjukdommar i revidert nasjonalbudsjett, og at det er sett i gong eit eiget senter for den type forsking.

Ved hjerneforskingssenteret er ALS ein av tre sjukdommar som blir prioritert å forska på, ifølge statsministeren.

– Vi må bygge opp kapasiteten på hjerneforsking. Det er kanskje aller minst forsking på ALS, seier Solberg.

Ho seier det var eit rørande møte med dei to bestevennane som allereie har samla inn nesten 550 000 kroner til forskinga.

– Det var kjekt å kunne treffe Erna og legge fram saka vi har på hjartet, seier Svein Ove Falkevik, som fekk diagnosen i 2013.

Han utfordra statsministeren til å gjere enda meir, og sa at han håpte ho hadde meir pengar å gi neste gong.