Hopp til innhold

I dag kjem statsministeren

Erna Solberg skal vitje fleire stadar langs kysten, besøke omsorgssenter, halde deltema om dysleksi, og folkemøte i Måløy og Florø.

Erna Solberg

KJEM: Statsminister Erna Solberg er tilbake i Sogn og Fjordane.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Høgre sin førstekandidat til stortingsvalet, ordførar Frida Melvær i Askvoll, er glad for at statsministeren kjem.

– Eg ser veldig fram til å følge ho i Vågsøy, Bremanger og i Flora. Ho kjem til å få gode opplevingar, seier Melvær.

Statsminister kjem to og ein halv månad før folket skal seie om ho får fornya tillit eller ikkje. Gjennom dagen skal ho på ulike bedriftsbesøk i Måløy, Kalvåg og i Florø, og få informasjon om ulike vekstverksemder i regionen.

I tillegg skal ho besøke Kulatoppen bu- og omsorgssenter i Vågsøy, og delta på uformelle folkemøte i Måløy og Florø.

Solberg, som har stått fram som dyslektikar, skal også halde eit deltema om dysleksi.

Eige ønske

Melvær kan ikkje seie om statsministeren i same slengen vil kome med gåver eller lovnader til fylket, og med det spenne i gang valkampen.

Frida Melvær

GLER SEG: Frida Melvær er førstekandidat for Høgre til stortingsvalet til hausten.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Først og fremst er dette ein tur som statsministeren sjølv har ønska. For å møte bedriftseigarar, og sjå ulike tenester som kommunane driv og som det har vore viktig for regjeringa å setje fokus på. I tillegg er det viktig å møte veljarane våre før valet, seier Melvær.

Men dei mange reformene har svekka oppslutnaden om regjeringa i fylket. Det viser målingane, der Sp og Ap vinn terreng.

Melvær trur ikkje besøket er ein sjarmetappe frå statsministeren si side.

– Det var eit ønske frå statsministeren å besøke fylket vårt. Eg trur dette er av rein interesse for ho. Det er viktig for Høgre i Sogn og Fjordane og få synt statsministeren alt det gode vi har å by på, men sjølvsagt også ta opp utfordringane vi har.

– Hadde målingane vore som i Sogn og Fjordane ville det ikkje vore noko Høgre på Stortinget?

– Det har festa seg ein del Sp-retorikk i Sogn og Fjordane, det er det ikkje tvil om. Men ein skal vite at Sp på Stortinget sa ja til alle dei frivillige kommunesamanslåingane. Det set vi pris på.

Drar eit EU-argument

Senterpartiet sin andrekandidat til stortingsvalet, Steinar Ness, tykkjer det er hyggeleg at Erna Solberg reiser langs kysten, der både kystnæringane og reiselivet går så det grin.

Men han vil minne Høgre-statsministeren om at innteninga i desse næringane er god på grunn av at Norge framleis har eiga krone og valuta.

– Eg tykkjer Erna Solberg kan vere ærleg å sende ein takk til EU-motstandarane i Norge og Senterpartiet for at vi framleis har vår eiga krone og valuta. Når eksportindustrien tenar gode pengar, skuldast det gode prisar, men også at ei svekka krone gjev dei vesentleg betre betalt. Det kjem også turistnæringa til gode. Hadde vi vore ein del av euroen, ville ingen av desse to effektane oppstått, meiner Ness.