Hopp til innhold

Linea rørte bestevennen til tårer

MÅLØY (NRK): Salen var fylt opp til randa då Linea (12) inviterte til konsert til inntekt for ALS-forsking.

Svein ove og Linea

RØRT: Svein Ove Falkevik blei rørt til tårer av det Linea Midtbø Helgestad hadde fått til for han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det var ein gripande stund. Det er ufatteleg at ein 12-åring gjer det ho gjer. Eg takkar Linea, det var heilt fantastisk, seier ein tydeleg rørt Svein Ove Falkevik (58).

Han felte fleire tårer under konserten som den 12 år gamle venninna Linea Midtbø Helgestad hadde dedikert til han og til forsking på den sjeldne sjukdommen ALS.

ALS-konsert, Nordfjordhallen

FULL SAL: Nesten 700 menneske møtte opp i Nordfjordhallen til ALS-konserten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ho bestemte seg raskt for at ho måtte gjere noko då bestevennen hennar vart ramma av Amyotrofisk lateral sklerose (ALS) i 2013. Laurdag stod ho og ei rekke andre på scena i Nordfjordhallen under støttekonserten ho sjølv har teke initiativet til.

– Eineståande konsert

Den to timar lange konserten var full av gripande augneblikk for 58-åringen. Linea Midtbø Helgestad stod sjølv på scena, og det gjorde også 130 andre lokale artistar.

– Det var så rørande både når Linea og dei andre song. Det rørte meg rett inn i hjartet, seier han.

ALS-konsert i Nordfjordhallen

MED KORET: Sjå Linea Midtbø Helgestad framføre songen Halleluja saman med Viltkoret der faren hennar, Frode Helgestad, er dirigent.

Blant artistane var Line Dybedal som spelte eigen musikk og Måløyværingen Isak Søraa spelte Elvis for dei nesten 700 frammøtte.

– Det var herleg. Elvis gjorde dette for kreftsaka, og no gjer vi det for ALS, seier Søraa.

Isak Søraa, Elvis

ELVIS: Ein av favorittartistane til Svein Ove Falkevik er Elvis, og Isak Søraa stilte i fullt Elvis-kostyme.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han var svært imponert over kva den unge jenta hadde fått til.

– No har eg fått ein god idé til kommunestyra. Ved neste val skal vi berre velje inn 12-åringar for det er dei som har ideane og dei gode sakene, seier han.

Line Dybedal kjente seg takksam for å ha fått vere med å støtte saka til 12-åringen.

– Ein blir jo sjarmert når det er Linea som spør. Eg er imponert over produksjonen og skulle ønske det var eit større lokale for eg veit at fleire hadde lyst til å komme, seier ho.

Line Dybedal ved piano

ARTIST: Line Dybedal underheldt både med eigen musikk, og som dirigent for Helgesen-koret frå Selje.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Har eit stort hjarte

Far til den unge jenta kunne ikkje la vere å kjenne seg stolt over dottera etter konserten. Då ho fortalde at ho ville lage ein støttekonsert, hadde han nok sett for noko i ein litt mindre skala enn dette.

– Vi veit at Linea har eit stort hjarte for andre. Når ønsket om å få til dette vart så sterkt for henne valte vi å støtte henne i det, seier Frode Helgestad.

Frode og Linea Helgestad med ALS-T-skjorter

FAR OG DOTTER: Frode og Linea Helgestad har seld fleire t-skjorter med slagordet «Med vennskap som våpen går vi til kamp for å løse ALS-gåten».

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Samla inn nær ein halv million

Mange donasjonar, billettsal og t-skjortesal gjer at 12-åringen sit att med om lag 460 000 kroner retta til forsking på ALS.

– Det er heilt fantastisk, seier Linea Midtbø Helgestad.

– Det kjem godt med, eg håpar dette er starten på noko som gjer at andre ALS-sjuke kan få hjelp i framtida, seier Falkevik.

Publikum strøymer inn til ALS-konsert

FOLKEHAV: Eit heilt hav av folk møtte opp for å støtte oppunder saka til Linea Midtbø Helgestad.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK