Hopp til innhold

Linea (12) arrangerer støttekonsert for bestevennen

MÅLØY (NRK): Då Linea Midtbø Helgestad fann ut at bestevennen hadde fått ALS, bestemte ho seg for å arrangere ein konsert til inntekt for forsking på sjukdommen.

Linea arrangerer støttekonsert for Svein Ove

VENNSKAP: Dei bryr seg ikkje om at det er 45 år som skil dei. No skal Linea Midtbø Helgestad arrangere støttekonsert for bestevennen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Han er bestevennen min og eg ville glede han. Det er viktig å få litt glede inn i dagen hans, seier Linea Midtbø Helgestad (12).

Bestevenn hennar, 58 år gamle Svein Ove Falkevik fekk den alvorlege hjernesjukdommen Amyotrofisk lateral sklerose (ALS) i 2013. Midtbø Helgestad bestemte seg raskt for å at ho måtte gjere noko.

Arrangerer konsert for forsking på ALS

Sjå saka frå Vestlandsrevyen.

Blei rørt til tårer

Dei er begge veldig glade i musikk og 12-åringen likar godt å synge. Ho ville derfor arrangere ein stor konsert og samle inn pengar til forsking på sjukdommen. Ho skal sjølv synge og har fått ei rekke lokale artistar til å bli med. Då ho fortalde om planane sine til bestevennen måtte han felle nokre tårer.

– Det kom veldig uventa på meg. Spesielt at ein 12-åring tenker i dei baner, det blei sterk kost for meg. Linea er heilt eineståande, seier Falkevik.

Als-konsert

ARTISTAR: Ei rekke lokale artistar stiller opp for å spele på konserten som 13-åringen har arrangert.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Fleire har donert pengar til formålet, og det er seld over 500 billettar til konserten. På sjølve dagen skal det vere auksjon og kafé. Dei har også trykt opp t-skjorter som dei sel med slagordet «Med vennskap som våpen går vi til kamp for å løse ALS-gåten».

– Vi har allereie 400 000 kroner, men eg håpar at vi får inn ein halv million, seier Midtbø Helgestad.

– Eit gjensidig vennskap

Dei to har kjent kvarandre sidan Midtbø Helgestad var 3–4 år gamal. Falkevik jobba den gongen på ein leikebutikk der jenta ofte var innom.

Svein ove Falkevik

EINESTÅANDE: – Det einaste eg kan seier er takk Linea, seier Svein Ove Falkevik som kallar venninna for eineståande.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Eg likar å prate med folk, og merka at han var veldig snill og brydde seg om andre. Eg starta å komme meir og meir og til slutt kom eg ikkje for leikene, men fordi det Svein var der, seier 13-åringen.

Det er 45 år som skil dei to, men det har dei aldri brydd seg noko om.

– Vi vekk raskt god kjemi. Vi har eit godt vennskap og eit gjensidig vennskap. Alderen betyr ikkje noko, det er det vi deler saman som betyr noko, seier Falkevik.

Håpar andre kan få hjelp

ALS er ein sjeldan sjukdom. Ein veit lite om kvifor den rammar folk og det finst ingen behandling. Falkevik må vere kopla til respirator og sit i rullestol. Mange mistar også taleevna, men den har framleis 58-åringen. Han håpar at meir pengar til forsking på sjukdommen kan hjelpe andre.

– Eg får ikkje oppleve noko av det, men håpar at ein i framtida kan hjelpe andre som er fanga i sin eigen kropp slik som eg er no, seier han.

Armband med "fuck ALS"

ARMBAND: Svein Ove Falkevik har fått seg eit armband med skrifta «FUCK ALS». Då venninna såg armbandet fekk ho også lyst på eit.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK