Hopp til innhold

No er 1000 tonn pinnekjøt på veg ut til julehungrige nordmenn

SOGNDAL (NRK): Pinnekjøtt eller svineribbe som julemat? Ved slakteriet i Sogndal har dei tilsette tenkt på julematen din sidan august og snart er store mengder godsaker på veg ut til kundane.

Pinnekjøtproduksjon

HANDVERK: Konsituert fabrikksjef Unn Sjøthun Uglane meiner pinnekjøt er handverk.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det er mykje å gjere når pinnekjøtsesongen begynner, men det er kjekt, seier Anne Jorunn Krokgjelet.

Medan dei fleste av oss ikkje har begynt å tenke på julematen, har dei tilsette ved Nortura i Sogndal vore i julemodus sidan seinsommaren. Når sau og lam kjem ned frå fjellheimen, startar det som for dei er årets mest travle tid.

– Humøret er på topp, vi går ikkje lei pinnekjøt, ler ho.

På anlegga til Nortura blir det produsert om lag 1000 tonn med pinnekjøt som no snart kjem ut i butikkane og etterkvart inn i mange heimar over heile landet.

Fjell-, fjord- og elvebris

Hennar jobb er å pakke ferdig oppkappa pinnekjøt. Men før det kjem til henne, er det innom mange hender i Nortura-anlegget. Første stopp er salteriet, der raske hender snur og vender sidene i salt, før kjøtet skal sendast vidare, tørkast og kappast opp.

Pinnekjøtproduksjon

SALTERIET: Først stopp er salteriet, der sidene blir vende i salt, før dei blir sende vidare.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Men arbeidet med å lage godt pinnekjøt startar lenge før det kjem til deira fabrikklokale, meiner konsitutert fabrikksjef Unn Sjøthun Uglane.

– Det begynner med bonden og korleis dyra har det, seier ho.

Er størst i vest

På landsbasis produserer Nortura rundt 1000 tonn pinnekjøt. Også på Tynset, Gol, Evanger og Målselv er det pinnekjøtproduksjon, men det er Sogndal som er klart størst.

På ein sesong får anlegget i Sogndal inn 1000 tonn råstoff frå Nortura-slakteriet i Førde. Av det blir rundt 600 tonn ferdige varer, der 500 tonn går til daglegvarebutikkar og 100 tonn til hotell og restaurantar. Varene blir sende til heile landet, sjølv om det framleis er vestlendingane som et mest.

Pinnekjøtproduksjon

600 TONN: Anlegget i Sogndal er Nortura sin største pinnekjøt-produsent, og lagar kring 600 tonn i sesongen. Totalt produserer Nortura rundt 1000 tonn.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Vest er størst, men det har vorte veldig populært i andre landsdelar òg, seier Uglane.

Marknadsanalytikar i MatPrat, Gunnar Thoen, viser til at det i 2017 blei omsett kring 3200 tonn pinnekjøt i Noreg. Dette ifølgje tal frå Flesland markedsinformasjoner AS. I ei undersøking Matprat gjorde i fjor haust svarte 34% at dei hadde pinnekjøt på bordet julaftan.

– Dette har vore temmelig stabilt, og variert med 2-3 prosentpoeng opp og ned dei siste 10-12 åra vi har gjort målingar, opplyser Thoen.

Han stadfestar at det er på Vestlandet pinnekjøtet er mest populært. Her svarte nær 7 av 10 at dei åt pinnekjøt julaftan i fjor, medan 29 prosent i Nord-Noreg og Trøndelag, og 21 prosent i Oslo og Akershus svarte det same.

Må oppbemanne

Og sjølv om julemat for mange handlar om tradisjon, er det enkelte ting som endrar seg. Å kappe opp sidene sjølv, tek dei færraste seg bryet med. I sagrommet kappar drivne medarbeidarar opp sidene til passelege pinnar.

– Før hadde vi heile sider, men no er det oppkappa det går i, seier Uglane.

På parkeringsplassen utanfor fabrikken er det så godt som fullt. I høgsesongen må fabrikken oppbemanne for å ta unna pinnekjøtproduksjonen samtidig som dei held oppe produksjonen av spekepølse, som går heile året.

Pinnekjøtproduksjon

KAPPAR OPP: Dei fleste ønskjer ikkje å kappe sidene sjølve, men ferdig oppkappa pinnar, fortel fabrikksjefen. Nortura-anlegget i Sogndal har ei eigne avdelingar for den jobben.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– No er vi kring 100 personar i sving på heile anlegget. Vi får inn rundt 30 vikarar i august, så er dei her ut november, seier Uglane.

Pinnekjøt er handverk, meiner fabrikksjefen. Kjøtet skal tørke ei viss tid, men blir jamt sjekka av dei tilsette.

Pinnekjøtproduksjon

HANDVERK: Konsituert fabrikksjef Unn Sjøthun Uglane meiner pinnekjøt er handverk. Her heng det som skal bli årets julemiddag til tørking.

– Dei som jobbar her går rundt og kjenner om pinnekjøtet er ferdig tørka til den rette kvaliteten det skal ha, fortel Uglane.