Her gjer rikspolitikarane seg klar til debatt på Hoven

HOVEN (NRK): Valkampens vakraste debatt skjer i Sogn og Fjordane i kveld. Storpolitikarane samlar seg no på Hoven, 1000 meter over Nordfjord. Du kan følge med på NRK1 klokka 21:30.

Hoven

SNART KLARE: Trygve Slagsvold Vedum (Sp) helsar på Trond Helleland (H) i panoramaet over Loen og Olden.

Foto: Odd helge Brugrand / NRK

Val

Foreløpig har Senterpartiet sin Trygve Slagsvold Vedum, Høgre sin Trond Helleland og landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) teke gondolbana opp til Hoven for kveldens debatt.

Dei er no på plass i restaurantbygget på Hoven, der kveldens valkampsending skal sendast på NRK1.

Første gang

For alle politikarane er turen opp til den nye turistattraksjonen i indre Nordfjord, den første.

– Fantastisk vakkert. Og eg snakka med Richard Grov (hotelldirektør på Aleksandra, red merkn.) om at anlegget går fantastisk godt økonomisk også. Dette viser at det går godt i Distrikts-Noreg, smiler Trond Helleland (H).

Hoven

SMINKE: Trond Helleland (H) blir sminka 1000 meter over fjorden i Nordfjord.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Landbruksminister Jon Georg Dale var oppteken av utsikta, og av basehopparane som var i ferd med å kaste seg ut frå fjellet 1011 meter over havet.

Også han var imponert over anlegget.

– Dette skuldast lokalt eigarskap. Hoven-anlegget hadde neppe blitt bygd elles. Dette grip direkte inn i debatten om kva som skal til for at folk skal bu i distrikta. Vi må ha lønsame arbeidsplassar, og vi må ha ein god skatte- og avgiftspolitikk, sa Dale.

Hoven

IMPONERT: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale var imponert over utsikta og overraska over basehopparane som kasta seg ut over fjellet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Distriktspolitikk

Også for Trygve Slagsvold Vedum var gondolturen og besøket på Hoven den første.

– Vakkert, rakk han å seie, før han vart dregen med til prøvar og instruksjonar av TV-folka i restaurantbygget.

Distriktspolitikk blir sentralt i dagens debatt.

Hoven

FØR DEBATTEN: Trygve Slagsvold Vedum var borte på Sp-bordet før han vart kapra av TV-teamet.

Foto: Odd helge Brugrand / NRK

Debatten kan du sjå i NRK1 kl. 21.30.

Eller følgje direkte her: NRK TV - Valg 2017: Kampen om distriktsnorge - 23.08.2017

Debatten på Hoven blir leia av Jarle Roheim Håkonsen og Ingunn Solheim.

– Vi skal diskutere om vi tenar pengar på cruiseskip og om dei forureinar for mykje. I kveld skal Trygve Slagsvold Vedum få treffe ulvemora frå Langedrag. Er ulven så farleg som Sp-leiaren vil ha det til?

– Og så skal vi få eit stort oppgjer om Norge er i ferd med å bli så sentralisert som Sp hevdar. Vi skal møte forkjempar for sjukehus som meiner det går for langt, og ein hotelldirektør som meiner det ikkje er slik, seier programleiar Ingunn Solheim, som frå Hoven kan sjå bort til barndomstraktene. Ho er vaksen opp i Innvik.

Hoven

HØGRE OG FRP: Regjeringskameratar i ein hyggeleg passiar før debatten.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK