Hopp til innhold

Ingen elektrisk kjøpefest i Sogn og Fjordane

Elbilsalet går så det grin på landsbasis. I Sogn og Fjordane går salet derimot trått. – Sogn og Fjordane er eit elbil-u-land, seier ebilforkjempar Ole Henrik Hannisdahl.

Jenny Følling og Ole Henrik Hannisdahl

TRÅTT: Bileigarane i Sogn og Fjordane har ikkje kasta seg på den elektriske kjøpefesten. – Litt flåsete sagt, kalla eg vel Sogn og Fjordane for eit elbil u-land, seier Ole Henrik Hannisdahl (t.h.). Her saman med Jenny Følling (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det blir selt fem gonger fleire nye elbilar i Norge enn i noko anna land. Med dagens salstakt vil ein allereie neste år nå målet om 50.000 selde elbilar.

Men berre 144 av dei 28.000 elbilane som rullar rundt på norske vegar høyrer til i fjordfylket.

– Vi trur det går på at innbyggjarane i Sogn og Fjordane ikkje heilt har fått opp augo for dei moglegheitene som allereie finst i bilane vi har i dag, seier prosjektleiar Ole Henrik Hannisdahl i Grønn Bil.

Taper milliardar

Onsdag vart det kjent at elbilsalet kostar staten milliardar av kroner i form av tapte eingongsavgifter og moms. Det skal med andre ord ikkje bileigarane i Sogn og Fjordane ha særskilt mykje av skulda for.

For ut frå innbyggjartalet skulle det ha vore over fem gonger så mange elbilar på vegane i fylket. Elbilforkjemparen trur ikkje dei store avstandane kan ta all skuld for at salet av elbil går tråare her enn i bynære strok.

– Det handlar om å køyre heimafrå til jobb, barnehage, butikk, fotballtrening og så vidare. Då trur vi 8-12 mil vil halde svært godt for ganske mange, seier han.

Ber om drahjelp

Hannisdahl håpar dei kan få litt ekstra drahjelp frå politikarane.

– For det første å gå føre sjølve og ta elbilen i bruk i kommunal drift for å vise at dette faktisk fungerer. I tillegg til å leggje til rette for infrastruktur og ladestasjonar, seier han.

Fylkespolitikar Jenny Følling (Sp) meiner politikarane må ta sin del av ansvaret for å få fart på elbilsalet.

Utgjer ein prosent

– Kunnskapen om dette er ikkje veldig høg. Eg trur det viktigaste vi kan gjere er å få fram kunnskap og få opp ladestasjonar, seier Følling.

Sjølv om kvar tiande bil som blir seld i Norge er elbil, utgjer dei berre ein prosent av bilparken.

Hannisdahl meiner det er all grunn til at også bygde-Norge blir med på elbilfesten.

– Jo meir du køyrer, jo meir kan du spare på å køyre elektrisk. Vi trur det er gode grunnar til å velgje elbil, også i Sogn og Fjordane, seier han.