Hopp til innhold

Slik rydda vi i Sogn og Fjordane

STAD/FLORØ (NRK): Over 100 skular, barnehagar, verksemder og privatpersonar har i dag rydda plast i heile fylket. Her kan du sjå korleis folk rydda i heile fylket.

Heile Noreg ryddar - Hoddevik

SORTERINGSSTASJON: I eit skur ved stranda Hoddevik på Stadlandet har Anne Lerfald og fleire andre laga eit sorteringssystem for plast og boss dei finn på stranda. Alt vert lagt på toppen, så ramlar små og mellomstore bitar ned på hylle to og dei aller minste samlar seg på botnen.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Her sorterer vi plast i forskjellig storleik for å sjå kva vi får inn mest av. Her har vi fått inn alt mogeleg, seier Anne Lerfald.

Ho viser fram korleis dei sorterer plasten dei har rydda på stranda i Hoddevik på Stadlandet. Sidan 2014 har dei samla inn 1,4 tonn med plast og sortert alt etter kva type dei har funne. Når alt er sortert vert det plassert i ein silo der alt er merka med type og vekt, før det vert seld vidare til nokon som resirkulerer det.

Mange påmelde

Over 100 skular, barnehagar, studentar, verksemder og privatpersonar har alt meldt seg på til å bli med på den store dugnaden «Heile Noreg ryddar» 3. mai, berre i Sogn og Fjordane. Totalt deltok om lag 3000 personar.

Søppelaksjon 2018 - Hele Norge rydder/Heile Noreg ryddar

FANN 500-LAPP: – Vi fann litt av kvart på rydderunda rundt garden vår. To store sekkar med plast,litt isopor, nokre hagestolputer og 500 kr. Men best av alt, det ser mykje reinare ut, skriv Inger Birgitte og Nils Kjøsnes som plukka dette på Skei i Jølster.

Foto: Inger Birgitte og Nils Kjøsnes

Alle distriktskontora til NRK var med på ryddedugnaden torsdag 3. mai. Rydding i strandsona vert gjort i samarbeid med aksjonen til den ideelle foreininga Hold Norge Rent.

Under ryddedagen har vi i NRK Sogn og Fjordane vore til stades med innslag på NRK 1 frå Hoddevik på Stadlandet og to stadar i Flora kommune. Først i Florø der vi besøkte ei bedrift som tar i mot og resirkulerer plast til nye produkt og så på øya Reksta der dei rydda plast i fjæra. På radio har vi vore på plastrydding med barnehagebarn i Solund og med bønder som ryddar i Aurland.

Søppelaksjon 2018 - Hele Norge rydder/Heile Noreg ryddar
Foto: Inger Birgitte og Nils Kjøsnes

Her kan du sjå innslaga frå Hoddevik og Flora:

Hoddevik:

Sjå innslaga frå Hoddevik på Stadlandet. Dette er del 1.

Del 2

Sjå innslaga frå Hoddevik på Stadlandet. Dette er del 2.

Sjå innslaga frå Hoddevik på Stadlandet. Dette er del 3.

Florø:

Bedrifta Green Plastic nyttar plast til å laga nye produkt, som til dømes deksel til mobiltelefonar.

Reksta:

På øya Reksta utanfor Florø har dei hatt ryddedugnad i fleire år.