Hopp til innhold

Har funne årsaka til kritisk straumstans ved Hydro

Ei kortslutning i ein brytar inne på Hydro sitt anlegg i Årdal under uvêret Tor er årsak til det langvarige straumbrotet ved anlegget i januar.

Elektrolysehall Å2C ved Hydro i Årdal

KRITISK: Den fire timar lange straumstansen ved Hydro sitt anlegg i Årdal var dramatisk. Utan straum kan den flytande aluminiumen i omnane størkne.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Skadekommisjonen har kome fram til at uvêret Tor bles ned ei av kraftlinjene mellom Skagene og Herva kraftstasjon, som igjen førte til at det oppstod ei kortslutning i ein brytar i vårt anlegg i Årdal, fortel Halvor Molland, informasjonsdirektør i Hydro.

Hydro er heilt avhengige av tilgang på mykje straum i produksjonen av aluminium. Utan den kan den flytande massen størkna i omnane, og øydelegge dei totalt. Nær fire timar utan straum under ekstremvêret «Tor», gjorde at 10 prosent av produksjonsomnane var ute av drift. Framleis er ikkje produksjonen tilbake for fullt.

Halvor Molland

KOSTNADAR: Hydro og informasjonsdirektør Halvor Molland vil ikkje kommentere kor mykje pengar straumbrotet har kosta selskapet. Produksjonen i omnane er framleis ikkje fullt tilbake.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

– Vi jobbar framleis det og den kjem gradvis tilbake. Vi reknar med å få produksjonen fullt tilbake i løpet av andre kvartal. Vi jobbar også med å sjå korleis anlegget kan bli endå meir robust for straumutfall, seier Molland.

Undersøkingane tyder på at det har vore ein kjede av hendingar som førte til straumbrotet, og ein kan difor ikkje peike på ein enkelt ansvarleg.

Vil ikkje gå ut med kostnadane

Hydro har ved tidlegare straumbrot estimert ein kostnad på kring halvannan million kroner per omn dersom utstyret må skiftast ut. No som Hydro har fått meir oversikt over situasjonen har dei også fått klart føre seg kva straumbrotet kosta, men kor mykje pengar det er snakk om vil ikkje Molland gå ut med.

– Det har kosta oss noko i tapt produksjon og noko i ekstra utstyr. Det har hatt avgrensa påverknad, men det nøyaktige talet går vi ikkje ut med. Det er eit tal vi har til interne formål.