Hopp til innhold

Var kritisk: Straumen tilbake på Hydro i Årdal

Uvêret «Tor» førte til at også Hydro Aluminium sitt metallverk i Øvre Årdal var utan straum. Hadde straumbrotet vart ein time til, ville flytande metal ha byrja å størkne i omnane.

Straumstans ved Hydro Årdal

BEKMØRKT: Aluminiumsproduksjonen ved Hydro sitt anlegg i Øvre Årdal var truga av straumstans.

Foto: NRK-tipsar

SISTE: Klokka 20.10 er straumen tilbake både ved Hydro sitt anlegg i Årdal og resten av industribygda.

Halvor Molland

KRITISK: Kommunikasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro seier dei ikkje kan klare seg utan straum lenger enn nokre få timar.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

– Vi er veldig glade for at straumen no er tilbake. Vi vil likevel vente litt med å sleppe jubelen laus. Vi har framleis ein stor jobb å gjere, opplyser kommunikasjonsdirektør Halvor Molland i Norsk Hydro.

Sterkt lysglimt – så vart alt svart

Det var litt etter klokka 17 fredag at straumen gjekk i store deler av Øvre Årdal – inkludert Hydro sitt metallverk. Då straumen kom tilbake i 20-tida var situasjonen byrja å bli kritisk ved elektrolyseanlegget som produserer flytande aluminium. Molland karakteriserte overfor NRK situasjonen som alvorleg.

Fabrikksjef Egil Fredriksen sa ein nærma seg eit kritisk punkt.

– Om ein dryg time byrjar det å bli kritisk, sa Fredriksen over telefon klokka 18.40.

Kunne størkna i omnane

Egil Fredriksen

MYKJE LYS OG RØYK: Fabrikksjef Egil Fredriksen fortel om ein eksplosjonsliknande overspenning i koplingsanlegget som fører straumen frå kraftlinjene inn på Hydro sitt anlegg i Øvre Årdal.

Foto: Tony Hall / Hydro

Flytande aluminium stod i fare for å størkne i fleire hundre omnar, eller elektrolyseceller. Hydro er fullstendig avhengig av tilgang til mykje straum i produksjonen. Etter kvart som deler av straumnettet fall ut i deler av Sogn og Fjordane grunna ekstremvêret Tor, slapp heller ikkje det elles så robuste linjenettet i Årdal unna.

– Det har vore ein spenningstopp eller noko ved koplingsanlegget vårt, der straumen kjem inn til metallverket. Det var heftige lysglimt, opplyste Fredriksen til NRK.

No er straumen tilbake både i elles i Øvre Årdal, og ved Årdal Metallverk. For dei tilsette ved Hydro står att likevel mykje arbeid før ein er heilt tilbake til normalen, ifølgje kommunikasjonsdirektøren.

– Metallverket har vore utan straum i tre timar. Det gjer at prosessen har kome i ulage. Mellom anna har reinseanlegg og anna vore ute av drift. og no er det mange som gjer ein jobb for å få produksjonen opp igjen på ein god og trygg måte, forklarer Halvor Molland.

Hydro Årdal Metallverk 2009

BLANT NORGES STØRSTE: Hydro sitt metallverk i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK