Hopp til innhold

Har brukt nær 1,2 millionar på juridisk bistand

Kommunane Vik og Bremanger brukte i fjor til saman godt over éin million kroner til juridisk hjelp i samband med Terra-skandalen. Fleire av sakene er framleis ikkje avgjorde i retten. Dermed går taksameteret hjå advokatane.

Bremanger og Vik i Sogn

HARDE TAK: Både Bremanger og Vik har hatt tøffe år etter at Terra-skandalen var eit faktum.

Foto: Steinar Lote/Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Men rådmann i Bremanger, Tom Joensen, meiner kommunane ikkje har hatt noko val.

– Vi hadde iallfall fått kritikk dersom vi ikkje prøvde dette. Det er eg overtydd om. Den nedsida i høve til det vi brukar er heilt marginal. Oppsida er kanskje 60–70 millionar kroner på den eine saka, seier rådmann i Bremanger, Tom Joensen.

Det er seks år sidan det var avdekka at åtte kommunar her i landet hadde tapte 541 millionar fordi dei selde framtidige kraftinntekter og investert i amerikanske verdipapir med stor risiko.

Må takast av driftsbudsjettet

Tapa har mellom anna ført til nedbemanning, mindre vedlikehald og skulekutt. Kommunane meiner informasjonen om produkta dei kjøpte inneheld vesentlege feil og har kravd erstatning frå bankar i fleire land.

Bremanger aleine har brukt totalt 8 millionar på juridisk hjelp, ein 1 million berre i fjor.

– Dette er ein del av dei ordinære driftsutgiftene våre. Vi må ta det frå den ordinære drifta. Ein vert på ein måte litt matt i høve til tidsperspektivet. At det går så lang tid før vi får ei avklaring, er ikkje gunstig, seier Joensen.

I verste fall kan kommunen ende opp med å bruke like mykje neste år, mellom anna ei ankesaka mot Danske bank.

Kan risikere ytterlegare tap

Vinn kommunen saka kan håpar dei å få over 60 millionar frå banken. Men det kan det ta opp mot halvanna år før saka blir behandla i lagmannsretten og den ventetida kan føre til ytterlegare tap fordi kommunen framleis eig verdipapir som dei siste åra har sokke i verdi.

– Det er uheldig. Ikkje minst fordi det betyr at vi framleis er bundne av avtalar som tingretten har konkludert med at vi ikkje skal vere bundne av. Desse svingar frå månad til månad, og det betyr at vi kan risikere at vi må føre ytterlegare tap i denne periodane på desse derivat-avtalane, seier Joensen.

Han legg til at det bokførte tapet ved inngangen til 2013 var om lag 80 millionar kroner i minus.

– Vi har sett ein ytterlegare forverring i løpet av 2013. Men vi har ingen garanti for korleis dette kan utvikle seg framover. Er det negativ utvikling, betyr det at vi må ta endå større grep for å klare inndekkinga av det akkumulerte underskotet innan 2018, seier Joensen.

Fører til slitasje både på folk og bygningar

Kommunane betaler kvart ned på milliongjelda etter feilinvesteringane. Bremanger har sett av mellom 25 og 30 millionar kroner i 2014 til å dekke Terra-tap. Vik kommune brukar 15 millionar. Rådmann Oddbjørn Ese seier alle merkar at det har vore mange magre år i Vik no.

– Etterslepet på vedlikehald akkumulerer seg år for år. Viss ein ser på bygningar, både på innsida og utsida, vil ein sjå at det etter kvart tek til å bere preg av manglande vedlikehald, seier Vik-rådmann Oddbjørn Ese.

Han legg til at bemanninga er pint til det yttarste.

– Mange vil kanskje hevde det er uforsvarleg, men det er likevel naudsynt for å handtere den situasjonen vi er i. Men det er klart at organisasjonen vår ber preg av at ein over mange år har måtta forhalde seg til veldig tronge budsjettrammer, seier Ese.

Han legg ikkje skjul på at det merkast.

– Ein viss trøyttleik trur eg nok det er rett å seie at ein merkar, seier Ese.