Hopp til innhold

Har avslutta søk i Sogn etter rømt fange

Det fysiske søket etter fangen som rømde er avslutta. Politiet er no over i ein etterforskingsfase.

Hund er på plass på Vangsnes

FERDIG MED SØK: Leitinga etter mannen som stakk av frå politiet under ein fan

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har avslutta søket i Sogn og Fjordane. Det betyr at vi ikkje er fysisk ute og leitar etter mannen. No er vi over på etterforsking, seier Olaug Holme, som er operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Politiet ser det som truleg at mannen stal ein bil i Vik sentrum, og kom seg sørover over Vikafjellet. Det har ikkje kome inn tips eller observasjonar av den rømde.

– Den stolne bilen er ikkje spora opp. Mannen er framleis etterlyst, seier Holme.

Politiet leita natt til tysdag etter mannen i 20-åra.

Vangsnes ferjekai

VANGSNES FERJEKAI: Her på Vangsnes ferjekai stakk fangen av frå politiet.

Foto: ANDREAS BACH

– Den enkle forklaringa er at politiet mista kontrollen

Fangen stakk av frå politiet på Vangsnes ferjekai etter ei overlevering mellom to politipatruljar. Regionlensmann Arne Johannesen fortel at det viktigaste under ein slik transport er å ha full kontroll, men at dette svikta.

– Når sånt skjer er det noko som ikkje fungerer godt nok. Vi må sjå på rutinane våre. Det kan alltid skje ein svikt. Det skal ikkje skje, men det skjer, seier han.

– Korleis klarte fangen å rømme frå politiet?

– Den enkle forklaringa er at politiet mista kontrollen, og at fangen stakk av, seier Johannesen.

Vik fengsel deltok ikkje i leiteaksjonen

Det var under fangetransport til Vik fengsel mannen rømde, men fengselet vart ikkje spurt om å hjelpe til under leiteaksjonen.

– Vi hadde stilt opp om vi blei spurde. Då kunne vi bidrege med mannskap i søket, seier sjef ved Vik fengsel, Roy Egil Stadheim.

Fengselssjefen fortel at dei ikkje har ansvar for fangar under transport til fengselet.

– Politiet tek hand om fangen fram til personen er kommen inn fengselsporten. Etter det er det vi som har ansvaret.

Roy Egil Stadheim

HER SKULLE HAN VORE: Mannen i 20-åra skulle overleverast til Vik fengsel og fengselssjef Roy Egil Stadheim, men kom ikkje innom fengselsmurane før han rømde.

Foto: Noralv Pedersen / NRK