NRK Meny
Normal

Rømt fange kom seg forbi politisperringa – har flykta over Vikafjellet

Fangen som rømde på ferjekaien på Vangsnes i går kveld skal ha kome seg forbi politisperringane og kan ha tatt turen mot Bergen eller austover.

Vangsnes ferjekai

STORE STYRKAR: Politiet har sett store styrkar inn i leitinga, etter fangen som rømde under ei overlevering på Vangsnes ferjekai måndag kveld.

Foto: ANDREAS BACH

– Det er ein bil som er stolen i Vik sentrum i løpet av natta. Vi har grunn til å kunne tru at det er han som rømde som har kome seg til Vik og tatt den bilen, seier lensmann i Vik, Ove Andersen.

– Kan han vera på veg vekk frå Vik og over Vikafjellet?

– Ja, vi ser på det som høgt sannsynleg, at han har teke bilen, køyrt sørover over Vikafjellet, og ikkje lenger er i Vik, seier Andersen.

Politiet ser det som sannsynleg at han anten har tatt turen mot Voss og Bergen eller austover. Den stolne bilen er ein kvit Seat varebil med kjenningsnummeret KB 24653. Mannen stakk av på veg til Vik fengsel. Han er 19–20 år, har mørk hudfarge og er 175 centimeter høg. Politiet reknar han ikkje som farleg.

Laster Twitter-innhold

– Det er ikkje godt å seie korleis han kom seg forbi. Han kan ha sprunge den mila frå Vangsnes og inn til Vik, eller kome seg innover på ein annan måte. Det veit vi ikkje. Vi må jo berre fortsette å leite i Vik, men sjansane er minimale slik at vi ser det, seier Andersen.

Han fortel at politiet hadde sett opp vegsperring på vegen mellom Vangsnes og Vik, men at han kan ha oppdaga den og gått i skogen innover.

Gløymde nøklane i bilen

Bilen som fangen har brukt for å stikke av høyrer til Ivar Endestad. Han merka at bilen var vekke i åttetida i dag tidleg.

– Eg skulle ut å hente ein pose med fuglefrø som var baki bilen og då var den vekk. Eg sjekka om den hadde rulla ned bakken og i elva, men det hadde den ikkje. Då tenkte eg at den var stolen, seier Endestad til NRK.

– Kva tenker du om at bilen din no vert brukt som fluktbil?

Eg føler jo litt ansvar. Bilen stod med nøklane i, så eg er litt lei meg. Men politiet sa at slikt skjer og det måtte eg ikkje vera, seier han.

Endestad bur om lag to kilometer frå sentrum i Vik, i nærleiken av Hønsi.

– Vi bur litt utanfor sentrum og dette er ikkje ein naturleg plass å kome til. Det er ikkje lett å finne fram her til, seier Endestad.

Fekk kleda sine stolne

Arne Morten Sætevik.

NYE KLEDE: Arne Morten Sætevik fekk arbeidsklede stole i natt, noko politiet sett i samanheng med den rømde fangen på Vangsnes. Kleda som vart stole var ein jakke av denne type, men i oransje og ei lik hue som Sætevik har på seg.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Tidlegare tysdag morgon kom det meldingar om at nokre klede var blitt tatt frå ein privat bustad i Gotevika mellom Vangsnes og Vik.

– Eg skulle på jobb og gjekk ut på trappa for å hente arbeidskleda på snora, og då var dei vekk. Både buksa, jakka og hua var vekke, seier Arne Morten Sætevik, som vart fråstolen kleda.

Politiet set opplysningane i samband med den rømde fangen, og ønsker tips i saka. I heile natt har politiet leita etter rømlingen, utan at dei har funne han.

Ein fange har rømt på Vangsnes ferjekai.

SJÅ VIDEO: Politiet leiter etter den rømte fangen på Vangsnes.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå