Hopp til innhold

Vil gå hus til hus om dei ikkje finn fangen i natt

Fangen i 20-åra som stakk frå politiet på Vangsnes i Sogn er tynnkledd og har vore på rømmen sidan før klokka 19 måndag. Politiet vil vurdere hus til hus-aksjon tysdag morgon.

Hund er på plass på Vangsnes

HUNDESØK: Politiet har sett inn hund i søket etter rømlingen på Vangsnes.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Siste oppdatering kl. 05:52.

– Politiet har i går kveld og i natt søkt i området der fangen forsvann, men utan resultat, seier Kai Henning Myklebust som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø.

Det har vore søkt med både ordinære politipatruljar og med ein hundepatrulje frå Bergen. Mannen som er 19–20 år vert ikkje rekna som farleg.

– Vi har ingen opplysningar om at han skal vere til fare for ålmenta, seier Myklebust

Like etter midnatt, natt til tysdag sa politiet dette til NRK.

– Vi vil halde fram til vi finn han. Dersom vi ikkje finn han i natt vil vi vurdere å gå frå hus til hus i morgon tidleg. Dette er ei avgjerd som innsatsleiar må ta, seier operasjonsleiar Olaug Holme i politiet.

– Mannen rømte litt før klokka sju. Det er klart det er kaldt. Men det er hus i området, og han kan ha fått tak i klede. Men slikt veit vi ikkje, seier operasjonsleiar Olaug Holme i politiet til NRK klokka 22.47 måndag.

Ein varetektsfange har stukke av frå politiet etter ein overlevering på Vangsnes ferjekai. Vedkomande har mørke klede, mørk hudfarge og er 175 centimeter høg.

Ein fange har rømt på Vangsnes ferjekai.

SJÅ VIDEO: Politiet leiter etter den rømte fangen på Vangsnes.

Det er tre politipatruljar som leiter. Politiet har no utvida leiteområdet.

– Hundepatruljen går på spor, seier Vegard Andersen, som er innsatsleiar på staden.

– Fangen skulle til fengselet i Vik. Det var under ei overlevering mellom to politipatruljar at fangen sprang vekk, seier operasjonsleiar Olaug Holme til NRK.

Operasjonsleiaren kan ikkje seie om mannen var i handjern då han rømte.

Vitne fortel til NRK Sogn og Fjordane at mannen sprang langsmed kaien bort til vegen som går opp til Fridtjov-statuen, Solvang camping og busetnaden på Vangsnes.

Operasjonsleiar Holme seier politiet ikkje har opplysningar om at fangen er farleg.

Fange har rømt på Vangsnes

SJEKKA: Politiet sjekka alle bilar som skulle om bord i ferja.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Advokaten: Ikkje farleg

Operasjonsleiaren vil ikkje seie kva mannen skal til Vik og sone for, men stadfestar at mannen vart varetektsfengsla i Fjordane tingrett måndag.

Ut frå oversikta over rettssaker i tingretten og etter samtale med advokat har NRK grunn til å tru at mannen vart pågripen i Førde laurdag med 200 gram hasj. Han vart varetektsfengsla for fire veker.

– Det er ingen grunn til bekymring. Mannen har ikkje vore borti nokon type kriminalitet tidlegare som seier at han er farleg, seier mannen sin forsvarar, Øyvind Sterri.

Fleire patruljar leitar no etter fangen i Vangsnes-området. Lokalt politi har fått forsterkningar frå Bergen med ein ettersøkshund.

Hundepatruljen er på Vangsnes

HUNDEPATRULJEN: Fleire patruljar er på leit. Lokalt politi har fått forsterkningar frå Bergen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

NRK sin reporter på staden og fortel at politiet tidlegare i kveld stogga alle forbipasserande. Politiet sjekkar også alle bilar som skal på ferja. NRK sin reporter fortel at politiet lyser inn i bilane med lommelykt.

Ser du fangen, eller fattar mistanke om noko, ber politiet om tips på 02800.

Billettøren vart vitne

Matros Andreas Bach på M/F «Ivar Aasen» fekk med seg både overleveringa av fangen mellom patruljane, og at mannen la i veg.

– Vi la til kai og hadde med oss ein stor politibil. Politiet bad om at ferja skulle stå att, slik at dei kunne overlevere fangen og bli med tilbake over fjorden, seier Bach.

Etter at fangen var overlevert ved Vangsnes ferjekai, såg Bach fangen springe vekk.

Innsatsleiar Vegard Andersen

Innsatsleiar Vegard Andersen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Bach meiner at mannen var på toalettet i venterommet, og at han rømte ut gjennom eit vindauge.

– Politibilane rigga seg til og stod ved kvarandre. Fangen vart overlevert, og den andre politibilen kom over i ferja att. Vi la frå kai, og då ser eg plutseleg at rømlingen kom springande, seier Bach.

Ferja måtte tilbake til kai og sleppe av att politipatruljen.

– Politiet sprang etter, medan rømlingen sprang langs vegen. Der forsvann mannen frå mitt syne, seier Bach.

Vangsnes ferjekai

VANGSNES FERJEKAI: Politi brukar kraftige lommelykter i jakta på rømlingen.

Foto: ANDREAS BACH