Hopp til innhold

Lurte både politi- og fengselsbetjentar – fekk med seg narkotika til soning

Sunnfjordingen i 50-åra vart pågripen, sett i arrest, var gjennom rettssak og vart transportert til soning. Likevel fekk han med seg både amfetamin og rivotril på cella.

Beslag i Vik fengsel

BESLAG: Dette fann fengselsbetjentane då dei undersøkte nærare sunnfjordingen og cella hans. Stoffet hadde han blanda ut med sukker, noko politiet meiner var gjort for å auke både vekta og fortenesta ved sal.

Foto: Politiet

Nyleg vart mannen dømd til fengsel i 60 dagar for å ha smugla med seg to gram amfetamin og tre glas med i overkant av 200 rivotriltablettar.

– Dette er eitt av dei største beslaga vi har gjort i Vik fengsel. Det er nesten utruleg at det går an å få det inn, seier assisterande fengselsleiar, Egil Rune Andersen.

Visitert to gonger

Men det gjorde altså sunnfjordingen i 50-åra. Sjølv om han vart visitert av både politi- og fengselsbetjentar, og aldri var på frifot frå han vart pågripen for bruk og oppbevaring av narkotika, til han var komen til soning to dagar seinare.

I mellomtida tilstod han i avhøyr, sat i arresten, svara for lovbrota i rettssalen og fekk polititransport til Vik for å sone fengselsstraffa på fem månader fengsel.

Mannen vart dømd for narkotikabruk og oppbevaring av 291 rivotril-tablettar, 5,8 gram hasj og 4,5 gram amfetamin. I kroppen hadde han altså meir.

– Han fekk med seg narkotikaen gjennom kroppens holrom. Dette fekk han til før han vart pågripen og sett i arrest, stadfestar politiadvokat Ingeborg Drægebø.

Selde narkotika

Først då mannen stod fram som rusa fekk fengselsbetjentane mistanke om at fangen hadde narkotika i fengselet.

Mistanken fekk dei stadfesta då dei under nærare undersøking av mannen og cella fann stoffet gøymt på ulike stader.

Mannen, som er straffa 41 gonger tidlegare, rakk å selje rivotril til ein medfange før narkotikaen vart oppdaga. Sjølv brukte sunnfjordingen av amfetaminet.

– Han erkjende alt med det same, seier Drægebø.

Følgjer rutinar

Andersen seier fengselet har rutinar ved mistanke om at innsette har narkotika.

– Alle blir visiterte når dei kjem til soning, men vanleg visitasjon avdekker ikkje stoff som er svelgt eller gøymt i endetarmsopning, seier han og legg til at fangen blir teken ut av miljøet ved mistanke.

– Ved behov gjer vi ytterlegare undersøkingar, som urinprøve, røntgen og narkotikahund, seier han.

Alvorleg lovbrot

Av tryggleiksmessige årsaker ser både politiet og fengselet alvorleg på bruk av narkotika under soning.

Spreiingsfaren er relativt større enn på gata, noko som også er ein av grunnane til at innførsel av narkotika til fengsel blir straffa strengare enn kjøp og sal på gata.

– Det er små forhold i fengsel og vanlegvis høgare tettleik av rusavhengige. Dette skaper utfordringar for betjentane sine arbeidsoppgåver, og gjer rehabiliteringsarbeidet overfor dei innsette meir krevjande, seier Drægebø.

Dobling frå i fjor

Ifølgje tal frå Kriminalomsorga gjorde norske fengsel 1.164 beslag i fjor. Det er fem gonger meir enn for 20 år sidan, og det høgaste talet sidan 2015.

I Vik har dei til no i år gjort 14 beslag av narkotika. Det er over dobbelt så mange som i heile fjor. Likevel meiner Andersen at det ikkje er noko stort problem.

– Det har vore eit kjent fenomen frå 90-talet, og vi finn av og til mindre gram cannabis og nokre tablettar. Enkelte tek med seg narkotika til soning, eller når dei kjem att frå permisjon, seier han.

Betjentane kjem også over juiceboksar, der innsette prøver å lage alkohol. Andersen seier innsette kan vere kreative for å få ruse seg.

– Men eg trur vi har lite rus i høve til mange andre fengsel.