Hopp til innhold

Han vil ta godshamn-planane til Stortinget

Framstegspartiet sin fylkesleiar har stor tru på planane om å få til ei giganthamn for godstrafikk i Lærdal. No tek han saka med seg til Løvebakken.

Lars-Svein Drabløs i Frp

VIL JOBBE FOR REALISERING: Lars Svein Drabløs meiner ei storhamn i indre Sogn er heilt i tråd med føringane i NTP.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er veldig interessant, og det er i tråd med framlegget til Nasjonal transportplan (NTP) om at ein skal få meir gods over frå hjul til kjøl. Og det kan skape mange arbeidsplassar i indre Sogn.

Det seier Lars Svein Drabløs, fylkesleiar i Frp.

Lengst mogleg inn i landet på skip

Torsdag fortalde NRK at det blir jobba med planar for det som kan bli ei av landets største godshamner – i Lærdal. I fjordarmen inst i Sogn vil lærølene nemleg bygge konteinarhamn som skal gi kort veg vidare for landtransport aust over fjellet.

– Nokre vil kanskje tru at det er ei ulempe, men det er faktisk ein stor fordel å vere i enden av verdas lengste fjord. Det kostar berre ein tidel å frakte ting på skip enn på bil, då er det viktig å få det lengst mogleg inn i landet på skip. Der ligg Lærdal, sa ordførar Jan Geir Solheim (Sp) til NRK.

Erdal i Lærdal kommune

GIGANTHAMN: Her frå Erdal og innover mot Lærdalsøyri ynskjer Lærdal kommune å etablere det som blir landets største hamn for gods.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Stamveg over Hemsedalsfjellet

No får Sp-ordføraren draghjelp frå regjeringspartiet Frp lokalt.

– Eg har sagt til ordføraren at eg vil ta dette vidare inn til våre folk i Samferdsledepartementet. Eg har eit håp om å møte stortingsgruppa og våre statsrådar onsdag. Då overleverer eg eit notat og pratar med dei om saka, seier Drabløs til NRK.

Han ser ei eventuell godshamn i samband med valet av trasé for ein andre stamveg mellom Aust- og Vestlandet. Der står som kjent striden mellom Rv. 52 Hemsedalsfjellet og Rv. 7 Hardangervidda, etter at E134 over Haukeli alt er valt som ein av to framtidige stamvegar.

– Her opnar det seg moglegheiter i framtida, dersom vi får Hemsedalsfjellet som ein framtidig hovudveg mellom aust og vest, slik Statens vegvesen ønskjer. Då er det kort veg frå Lærdal til Gol der jernbanen ligg, og det er kort veg mot Bergen. Her snakkar vi i framtida fire timar til Oslo og tre til Bergen, seier Drabløs.